Nytt smittetilfelle: Måndag opplyser kommunen at det er registrert enno eit smittetilfelle på Bømlo. Foto: Carina Wangensten/Ill.foto

Tok test ved innreise - testa positivt

Ein person som blei testa ved innreise 9. januar, har no fått påvist korona, melder Bømlo kommune måndag ettermiddag.

– Vedkommande har vore i innreisekarantene, og er no i isolasjon, skriv kommunen.

Som følgje av positiv test har ein nærkontakt av vedkommande også blitt testa, og er sett i karantene.

– Prøvesvar er ikkje motteke enno.

Kommunen opplyser om at dette er det 30. registrerte smittetilfelle i Bømlo kommune.