Dirigerer trafikken: Det er for tida manuell dirigering av trafikken på Stordabrua. Illustrasjonsfoto/Arkiv. Foto: Håvard Hammarstrøm

Trafikkuhell på Stordabrua

Politiet melde i 14-tida på Twitter at det har vore eit trafikkuhell på Stordabrua. Det skal vera snakk om påkøyrsel bakfrå. Det blir meld om mindre personskadar. Like før klokka 16 går trafikken igjen som normalt.

– Politi og ambulanse på staden. Bilberging er på veg. Manuell dirigering på staden, men det er kø, vart det opplyst like etter ulukka.

– Uvisst hendingsforløp. Patruljen kom over ulukka tilfeldig, stod det i oppdateringa frå Sør-Vest politidistrikt kort tid etter.

Om lag klokka 1545 gjekk det ut ny melding om at politiet hadde avslutta på staden, og at trafikken igjen gjekk som normalt. Bilistar bør likevel vere merksame på at her kan liggje ein del olje i vegbana.

– Politiet opprettar sak, heiter det frå Sør-Vest politidistrikt på Twitter.

Avisa Sunnhordland skriv at tre personar skal vera frakta til legevakt for sjekk.