Franskmenn på rotur i vikingbåt: Åtte franskmenn på rotur frå Tolouse til Bergen Treng haik over Selbjørn. Foto: Ingvild Sjo

Treng litt slepehjelp nordover

Åtte franskmenn er på tur i eit heimelaga vikingskip ventar på vind og skulle ønskja at nokon ville slepa dei eit stykke mot Bergen.

Den 31. juli starta dei ut frå heimbyen Toulouse i Frankrike. Båten hadde dei bygd sjølv av furu på moderne vis, og med ei vekt på eitt tonn, pluss 800 kilo ballast, klarar dei med fire par årar ein fart på 2-3 knop. Målet var å segla mest mogeleg. Til no er toppfarten under segling åtte knop.

– Me kallar det Expedition 2020, seier Arnaud Fossorier. Dei er fire kameratar som har kjent kvarandre i 20 år, pluss fire til som har komme til etter kvart og vore med på bygging og tur. Dette er den andre båten dei er på tur med. Først bygde dei ein båt på fem meter. Det var i 2016, og dei rodde på tur i ei veke. Det gav meirsmak.

– Me fann teikningar til denne båten ved museet i Roskilde, fortel Fossorier. Då dei segla innom der, vart danskane imponerte.

– Me møter mykje folk som er interesserte og som tek mykje bilete av båten, seier franskmennene. Etter at dei segla til Danmark, gjekk turen til Sverige. Så tok dei fatt på Norskekysten, og vinden stilna. Dermed måtte årane fram, og franskmenna har fått kjenna litt på kva strev vikingane hadde.

– Det krev stor innsats, seier dei. Siste dagane har dei rodd kreftene av seg, og kom onsdag morgon til Rubbestadneset der dei la seg strekk ut på asfalten.

VINDSTILLE: Slitne franskmenn ligg strødd på Rubbestadneset kai. Foto: Ingvild Sjo

– Vanlegvis seglar me om dagen, og teltar om natta. No måtte me ha ein pause, seier dei og håpar nokon har lyst til å hjelpa dei vidare eit stykke. Dei ligg ved Rubbestadneset kai.