Politiet melder torsdag morgon at mannen er funnen, kald men elles i god form.
Politiet melder torsdag morgon at mannen er funnen, kald men elles i god form. Foto: Stine R. Rørvik/Arkivfoto

Ulukke mellom syklist og bil

Ein syklist fekk skadar etter ein samanstøyt med bil i Hollundsvegen.

Ulukka skjedde langs Hollundsvegen seint i ettermiddag, melder Sør-Vest politidistrikt på twitter. Ein syklist var involvert i ein samanstøyt med ein bil. Syklisten vart skadd, mellom anna i andletet.

Politi og ambulanse rykka ut til staden. Syklisten var medviten etter uhellet og vart teken hand om av helsepersonell.