Ung på Loftet: Elevane har breid tematikk. Foto: May-Helen Rolfsnes

Ung på Loftet - snart på lufta

Her kan du høyra første sending av Ung På Loftet. Podcasten der elevar frå Medielinja på Stord vidaregåande skal presentera mange ulike og kjekke tema. Pod'ane vil bli sendt løpande framover på Bømlo-nytt.

– Det er andre-årselevane på Media og kommunikasjon som står bak podcastane. Elevane her er 17 og 18 år gamle. Målgruppa er ungdom, seier lærar Liv Nyborg.

Ung På Loftet er eit samarbeid mellom Bømlo-nytt og Medielinja på Stord, men det er elevane sjølve som har valt tema, intervjua, redigert og laga musikk.

– Me lærarar har stått i bakgrunnen heile tida. Me har berre hjelpt dei med det tekniske, eller visst dei lurer på noko, seier lærarvikar May-Helen Rolfsnes.

Ung på Loftet er i hovudsak laga av ungdom for ungdom.

– Me har hatt litt brainstorming med dei, men det er elevane som har valt tema, gjort research og intervjua, seier Rolfsnes.

Redaktør i Bømlo-nytt Randi Olsen syntest at samarbeidet er kjempepositivt.

– Me innleia eit samarbeid, for å få litt ungt preg på ting. Ungdommar har litt anna syn på ting, og uttrykker seg annleis. Det har vore eit bra samarbeid så langt, og me gler oss til fortsetjinga, seier Olsen.

Til våren kjem det nemleg ei «ung» avis også.

– Me byrjar med podcast, og så kjem Ungavisa til våren, seier Olsen.

Kva er eit lukkeleg liv?

I den første podden har intervjuar Maja med seg to vidaregåandeelevar og SLT-koordinator Stian Olderkjær i studio. Her blir me litt klokare på korleis unge ser på framtida, kva definisjonen på eit lukkeleg liv er, og kvifor nokre ungdomar har tru på eit lukkeleg liv og andre ikkje. Dei tek mellom anna for seg Ung-data-rapporten, som mellom anna syner skilnadar mellom vidaregåandeelevar og ungdomsskuleeevar.

Artikkelen held fram under annonsen.