Ungdomsrådet i Bømlo kommune: Tysdag 5. november hadde det nye ungdomsrådet i Bømlo kommune sitt første møte. Foto: Carina Wangensten

Ungdomsrådet på Loftet

Leiar i ungdomsrådet Marie Bergheim, medlem av ungdomsrådet Adrian Hovland Våge og SLT-koordinator Stian Olderkjær debatterer i denne podcasten ungdomspolitikken på Bømlo.

Ungdomsrådet si oppgåve er å snakka for alle barn og unge i kommunen. Dei har uttalerett i kommunestyret, og kan dela ut kring 100.000 kroner til formål som kan styrka, hjelpa eller fremja barn og unge si sak.

På Loftet blir det disskutert meininga bak ungdomsrådet, kva ungdommane syntest er viktig og kva aktuelle tema som er verdt å ha på agendaen på møta i rådet i haust.