Illustrasjonsfoto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Utsleppsfrie hurtigbåtar først om fem år

Verken teknologien eller finansieringa av hydrogen- eller batteridrivne hurtigbåtar er klar når fleire hurtigbåtrutar i nye Vestland skal bli lagt ut på anbod i 2020.

Politikarane i Nye Vestland fylkeskommune har vedtatt at ein så raskt som mogleg skal gå over til utsleppsfri teknologi som hydrogen eller batteri på hurtigbåtsambanda som fylket har ansvar for.

Neste år skal alle hurtigbåtrutene i gamle Sogn og Fjordane og to i Hordaland leggjast ut på nytt anbod med oppstart i 2022. Men verken teknologien for eller finansieringa av klimavennlege hurtigbåtar er klar enno, skriv sysla.no.

Påtroppande fylkesrådmann Rune Haugsdal ber difor politikarane i Vestland vedta ein todelt anbodsprosess, der perioden fram til mai 2024 har ein kontrakt utan nye miljøkrav.

Frå mai 2024 til 2026 skal det komme krav om innføring av nullutslepp på åtte av rutene som skal på anbod. Blant dei er båtane som går i rute mellom Bergen, Sogn og Nordfjord.

Selskapet DNV GL har greidd ut overgangen til hydrogen- og batteridrivne hurtigbåtar på oppdrag frå fylkesrådmannen, og konkluderer med at det vil vere «svært utfordrande» for tilbydarar å skulle prise usikkerheit og teknologirisiko innan mars 2020, som er fristen for å levere inn eit tilbod. Dei skriv og at å endre miljømodell på noverande tidspunkt vil vere eit stor inngrep som høgst sannsynleg vil føre til forseinkingar samanlikna med noverande tidsplan

(©NPK)