annonse

Vann i Sandnes for Noreg

NESTEN
NESTEN: Tom Erling Kårbø leverte eit solid løp i Belgia, fredag kveld, men enda nok ein gong bak VM-kravet. (Foto: Hasse Sjögren/Arkivfoto)

Tom Erling Kårbø vann 3.000 meter hinder i lag-EM i Sandnes i ettermiddag.

Nils-Tore Sele

Løparen frå Langevåg som spring for Stord, hadde ein god dag i Sandnes under lag-EM i friidrett i ettermiddag. Han låg lenge rett bak teten på 3.000 hinder og sparte på kreftene, fram til han sette inn støtet og skaffa seg ei stor leiing.

Mot slutten av løpet vart det fall ved eit hinder, men han hadde då så stort forsprang på konkurrentane at sigeren aldri var i fare.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.