KOMMUNEOVERLEGEN: Kjersti Follesø er kommuneoverlege på Bømlo. Foto: Nils-Tore Sele

Var ikkje smittefarleg med Covid-19 likevel

Personen som var på Bømlo, og som i etterkant fekk påvist Covid-19, var likevel ikkje sjuk og smitteberande medan personen var i kommunen vår.

Dette stadfestar kommuneoverlege Kjersti Follesø overfor Bømlo-nytt. I førre veke melde Bømlo kommune at ein person som hadde vore på Bømlo hadde fått påvist Covid-19. Då frykta ein at personen kunne ha blitt smitta på Bømlo, og at her kunne vere fleire smitta personar. I etterkant vart fleire personar som hadde vore i kontakt med denne personen her på Bømlo testa. Alle testa negativt.

Var ikkje sjuk på Bømlo

Follesø kan no altså stadfeste at personen som hadde vore på Bømlo ikkje var sjuk og smittefarleg under opphaldet her. Ho seier personen på eit tidlegare tidspunkt hadde hatt viruset i kroppen, og at det var dette som slo ut på den første testen.

- Supplerande testar syner at smitten låg lenger tilbake i tid. Personen har altså ikkje vore sjuk og smittsam på Bømlo, heldigvis. Likevel er det viktig å minne om at ein ikkje kan slappe av med omsyn til smittevernreglane, seier kommuneoverlegen til Bømlo-nytt. Framleis er det viktig å halde avstand og passe på å ha gode hygienetiltak, peikar ho på.

– Dette var ein vekkjar for oss. Då me fekk denne meldinga måtte me gjennomføre desse testane. Heldigvis var det ikkje snakk om smitte her. Likevel er det altså viktig at folk framleis tek dette på alvor, og følgjer smittevernreglane, seier Follesø.

Sist det var registrert eit stadfesta tilfelle av Covid 19 på Bømlo var 1. mai.