Det er heldigvis gode sjansar for å sjå sola i løpet av helga
Det er heldigvis gode sjansar for å sjå sola i løpet av helga Foto: Carina Wangensten

Varierande vêr i helga

Det blir ei helg med svært varierande vêr, ifølgje Yr og Storm.

I morgontimane fredag har det vore ei god blanding av regn og hagl på Svortland. Ifølgje vêrvarselet skal det bli litt lettare vêr frå midt på dagen. Yr melder at det skal bli opphald resten av dagen, medan Storm melder at det kan bli litt regn i kveld.

Solgløtt på laurdag

Både Yr og Storm er samde om at det blir regn natt til laurdag og utover føremiddagen laurdag. Men så skal det klarne opp, og vêrvarselet tydar på at det kan bli sol utover ettermiddagen. Storm melder likevel at det kan bli nokre regndropar.

Sol på sundag

Også sundagen kan bli ganske bra. Rett nok er det meld regn natt til sundag, men utover dagen skal vêret bli ganske bra, med delvis skya og opphald. Då kan også sola kikke fram i løpet av dagen. Elles ser også starten av neste veke veldig bra ut vêrmessig.

Vind

Det er meld litt vind i helga. I Espevær melder Storm opp i 14 meter pr. sekund fredag, medan det både laurdag og sundag er meld rundt 10 meter pr. sekund på det meste. Her bør ein sjekke siste vêrvarsel for dei siste oppdateringane om ein skal ut i båt.