Vegbanen har vore glatt siste døgeret, og måndag var vegvesenet ute og sjekka 301 køyretøy med kikkert. Illustrasjonsfoto frå Fv 541 ved avkøyrsle mot Hestenes. Foto: Geir Einarsen

Vegvesenet stoppa 21 bilførarar måndag

Avskilta tre bilar og melde ein bilførar til politiet for falske skilt.

Under Statens vegvesen sin bilbeltekontroll måndag vart det brukt kikkertobservasjonar. 301 bilar var kikra på, og av desse var 21 stoppa.

– Men ingen gebyr for manglande bilbelte, seier kontrolleiar Alf Urang om det som i utgangspunktet var ein bilbeltekontroll. Resultatet vart i staden tre gebyr for manglande vognkort i køyretøyet, og to gebyr for dekk under lovleg mønsterdjupn.

Eitt køyretøy fekk køyreforbod inntil lause gjenstandar i frontrute var rydda opp i, og ein mangellapp vart utstedt fordi nummerskilt ikkje var montert etter forskrifta framme på køyretøyet.

Ein meld for falske skilt

Ein bilførar fekk køyretøyet avskilta på staden på grunn av mangel på EU-kontroll. Ein tilhengjar vart òg avskilta, og her vart føraren meld til politiet fordi skiltet som var sett på denne hengjaren tilhøyrer ein annan hengjar.

Les også
Fann forskjellig då vegvesenet hadde beltekontroll