Fantastisk innsats for CARE

* Me har lagt nok ein TV-aksjon bak oss, og denne gongen gjekk pengane til organisasjonen CARE Norge. Pengane skal gå til å sikre eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. Om lag 400.000 kvinner skal få høve til å tene eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få si røyst høyrt.

* Det vart gjort ein fantastisk innsats på Bømlo også i år. Svortland skule klarte åleine å samle inn 106.000 kroner. Det er rett og slett utruleg imponerande, og noko skulen fortener stor ros for. Ser me på oversikta over dei fem største bidraga i Hordaland kjem Svortland skule inn på tredjeplass bak Kavlifondet og Bergen! Og tek me med at Moster skule samla inn over 94.000 kroner og Gilje skule over 26.000 kroner seier det litt om innsatsen blant barna våre for dei som lir naud i andre delar av verda. At skulane nyttar si tid på dette gir barna god ballast, og lærdom som dei kan ta med seg vidare i livet.

* Ser me på det totale beløpet som vart samla inn på Bømlo, vart det 870.396 kroner. Det var det fjerde største beløpet blant kommunane i vårt fylke, og her hamna me på plassen føre Stord. Me slo Stord med litt over 22.000 kroner, noko me sjølvsagt tykkjer er ekstra kjekt. Me samla inn 73,99 kroner pr. innbyggjar, og hamna her på niandeplass i fylket. Her måtte me sjå oss slått av Fitjar, som hadde 81,99 kroner pr. innbyggjar. Likevel er det eit svært godt resultat. Landsgjennomsnittet er 42,35 kroner pr. innbyggjar, og snittet i Hordaland låg under landsgjennomsnittet.

* Med andre ord har me bømlingar god grunn til å vera stolte både av skulane våre, andre innsamlingsaksjonar lokalt og av kor mykje me bømlingar har vald å bidra med til årets TV-aksjon. Sist men ikkje minst må me retta ein stor takk til alle bøsseberarane og dei frivillige som organiserer TV-aksjonen år for år. Utan dykk vart det ikkje ein vellukka TV-aksjon. Med dykkar hjelp går tusenvis av kvinner ei lysare framtid i møte.