Skipet som vil få hybridsystem frå Wärtsilä om bord i løpet av fjerde kvartal i år.
Skipet som vil få hybridsystem frå Wärtsilä om bord i løpet av fjerde kvartal i år. Foto: Acta Marine

Hybrid framdrift frå Wärtsilä

* Havvind: DP2-konstruksjonsskipet «Acta Centaurus» eigd av nederlandske Acata Marine vil få montert nytt hybridsystem frå Wärtsilä om bord, melder Wärtsilä i ei pressemelding.

Leveransen inneheld hybrid-, batteri- og energisystem. Skipet blir nytta som støttefartøy for havvind, står det å lesa. Utslepp og drivstofforbruk vil gå ned når arbeidet er fullført i løpet av året. Kontrakten gir arbeid til Wärtsilä på Stord, men vil ikkje gje arbeid til Wärtsilä på Bømlo, får Bømlo-nytt opplyst.