Klare for valet

* Aldri før har så mange vore samla til møte i kulturhuset på ein gong som onsdag kveld då Bømlo-nytt inviterte til lokal valdebatt. Over 500. Det strøymde på med folk så me knapt fekk anda, noko me sette stor pris på. Det er alltid kjekt at folket støttar opp om arrangement, anten det no er våre eigne eller andre sine. Heldigvis tenkte me tanken på førehand, og sjølv om det tok nokre minuttar før dei fekk lyden til å verka i den litle kinosalen, så verka det som om det var eit godt alternativ når først så gale var at ikkje alle fekk plass i same salen. Me hadde også lagt opp til strøyming frå møtet, for første gang, og tala viser at over 1000 sjåarar var innom debatten utanfor kulturhuset.

* Ei av årsakene til at folket møtte så mann- og kvinnejamnt opp kan vera at mange veljarar sit på gjerdet og ikkje veit kven eller kva for parti dei skal stemma på. Truleg tenkte ein del at det ville bli enklare å velja etter å ha høyrt politikarane på møtet. Sjølv om det (heldigvis) ikkje vart den typen debattar som me er vane med på TV, der rikspolitikarane avbryt kvarandre og snakkar i munnen på kvarandre, så synest me at politikarane våre gjorde ein god figur på møtet. Nokon vil hevda at det ikkje vart så mykje debatt, heller ei opplisting av saker ein har på hjartet. Me vil hevda at dei politiske skiljelinjene kom tydeleg fram, nettopp fordi det vart høve for politikarane til å snakka seg ferdige utan avbrytingar.

* Det vert også nødvendigvis også ein debatt på generell basis, utan at verken politikarane eller debattleiarane får tid å gå i djupna på sakene. Me vil oppmoda interesseorganisajsonar, som næringsråd, utdanningsforbund , sjukepleiarforbund, kultur- og idrettsorganisajonar og andre til å arrangera sine eigne politiske debattar neste gong, om næringspolitikk, skule og barnehagepolitikk, osb. Dermed ville det blitt meir spissa, og ein kunne gått tettare inn på sakene.

* Denne helga er det siste valkampinnspurt, og Kanaldagane er staden om det er nokon som framleis funderer på kva røystesetel dei skal leggja i urna. Lokalvalet er i stor grad eit personval i tillegg til partival. me vil difor oppmoda veljarane om å gå gjennom alle listene som ligg i røysteavlukket. Finn partiet ditt og skriv opp namn frå andre parti på «din» røystesetel. Det er mange dyktige kvinner og menn på alle lister, bruk muligheten din til å påverka valet. Og hugs: Det er det same kven du røystar på, berre du røystar! Det kan me ikkje seia ofte nok. Godt val!