Sveinung Hovland har jobba hos Auto Service på Bømlo i 27 år. Har stortrivst på arbeidsplassen.
Sveinung Hovland har jobba hos Auto Service på Bømlo i 27 år. Har stortrivst på arbeidsplassen. Foto: FOTO: MARKNADSAVDELINGA I BØMLO-NYTT

Overnatta med kongen sine bilar

Sveinung Hovland tok med seg soveposen i verkstaden, og hugsar med glede tilbake på det ærefulle oppdraget.

– Eg var her frå morgon til kveld, og gjennom heile natta. Kongefamilien budde sjølv på Kongeskipet, men dei hadde med seg mange bilar i følgjet. Til saman var det 7–8 bilar i verkstaden her, fortel Sveinung Hovland. Han har jobba hos Auto Service på Bømlo i 27 år. Sjølv om det ikkje har blitt fleire kongelege oppdrag sidan 1995, har trivselen vore stor på arbeidsplassen.

– Eg hadde ikkje jobba her så lenge vist eg ikkje trivdes, seier Sveinung.

{{facts}}

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Sommarklar bil

Jakob André Vedøy trivest også godt i selskapet. Han byrja som lærling i 1998, og jobbar no som mekanikar i verkstaden.

Her sit Leif Magnar Halleraker i kongen sin eldste bil.
Her sit Leif Magnar Halleraker i kongen sin eldste bil. Foto: MARKNADSAVDELINGA I BØMLO-NYTT
Privat
Privat
Her har Sveinung Hovland og Johannes Rydningen rigga seg til for natta.
Her har Sveinung Hovland og Johannes Rydningen rigga seg til for natta. Foto: Privat
Privat
Privat
Leif Halleraker får den kongelege bilen til å skina.
Leif Halleraker får den kongelege bilen til å skina. Foto: Privat
Avisutklypp frå lokalavisa om hendinga.
Avisutklypp frå lokalavisa om hendinga. Foto: Privat
Leif Halleraker fekk brev frå Slottet, som takk for vedlikehald og vask av bilane.
Leif Halleraker fekk brev frå Slottet, som takk for vedlikehald og vask av bilane. Foto: Privat

– Akkurat no er det høgsesong for å sjekka klimaanlegget i bilen, seier Vedøy. Han seier det er mange som køyrer rundt med defekte klimaanlegg gjennom både hausten og vinteren.

– Når sola kjem, merkar folk dersom det ikkje er kald luft i bilen, seier bilmekanikaren.

SJÅ AUTO SERVICE SITT TILBOD HER

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

Førebyggjer reparasjonar

Ein gjengangar er at bileigarane gløymer å fylla gass på klimaanlegget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil som regel alltid siva ut litt gass etter kvart som tida går. I verkstaden kan me måla kor mykje gass du har på anlegget, og fylla på ved behov. Dersom du tek klimasjekk og klimaservice jamleg kan du unngå unødvendige reparasjonsutgifter seinare, seier Vedøy. 

Dei tilsette i selskapet seier at bilen din ikkje må til merkeverkstad for at du skal behalda garantiar og få utført gyldig service.

– Det var før. I dag har me fritt verkstadval i Noreg, så vårt stempel i serviceheftet er like gyldig som det du får hos merkeverkstaden. Dette gjeld også for alle typar arbeid på el- og hybridbilar.  Be oss om et pristilbod, og me er sikre på at du vert gledeleg overraska, seier Lars Magne Halleraker. 

SJÅ AUTO SERVICE SI HEIMESIDE HER

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

*Produsert av marknadsavdelinga i Bømlo-Nytt.

 

- Auto Service på Innvær er langt meir enn berre ein Esso-stasjon. Som autorisert verkstad, tilknytta AutoMester-kjeda, kan dei hjelpa deg med alle aspekt av bilhaldet. Dei gjer det med yrkesstoltheit og høg fagleg kompetanse. 

- Firmaet vart etablert i 1962. 

- I deira topp moderne bilservice-senter kan du få utført service, reparasjonar som gjeld mekanisk, karosseri og lakkering i tillegg til taksering av skade. Dei utfører arbeid for alle forsikringsselskapa. 

Kjelde: Auto Service AS

I tillegg til mekanisk, karosseri og lakkering kan dei tilby: 

- Eu-kontroll/periodisk køyretøykontroll

- Årleg service (kilometerservice og periodisk vedlikehald)

- Service og reparasjon av elbil/hybridbil

- Kontroll av klimaanlegg/AC-service

- Diagnose og feilsøking

- Slitedelar (kontroll, skifte og reparasjon)

- Dei har godkjenning for montering av alkolås

- Monteringa av DAB-radio og DAB-adapter

- Reperasjon av motorstyring og innsprøytningssystem

- Dieselreparasjonar

- Elektriske reparasjonar

- Dekkservice/avbalansering

- Skifte av bilglas

- Sal av drivstoff, bilrekvisita, vegmat, gass, fiskeutstyr, rikstoto m.m.

- Utleige av bil og tilhengjar samt sal av tilhengjarar

- Sal av dekk og dekkhotell

- Bilvaskemaskin og sjølvvaskeanlegg

- Sandblåsing og industri maling/lakkering