Takksam: Laila Sele Navikauskas er takksam for at ein ukjend redningsmann tok seg av dottera Adele Lovise då ho datt av sykkelen, og fekk djupe kutt i kneet. Framleis veit ho ikkje kven han er. Foto: Privat

Kven er den ukjende redningsmannen?

Onsdag skulle Adele Lovise (11) sykla til ei venninne. På grusvegen bak brannstasjonen på Svortland kom sykkelhjulet nedi eit stort hol, som gjorde at ho flaug av sykkelen. Det resulterte i djupe kutt i kneet. Ein ukjend redningsmann kom raskt til.

Då Adele Lovise kom heim til mamma Laila Sele Navikauskas, var det ingen tårer, berre takksemd.

– Ho var berre glad for at han hadde teke så godt vare på ho, seier Laila.

Den ukjende mannen hadde nemleg hjelpt Adele Lovise på beina, trilla sykkelen hennar og følgd ho til legen.

– Då dei kom inn til legen, hadde han følgt ho inn, så dei fekk reinsa såret hennar. Etterpå hadde han betalt for ho òg, seier mamma.

Mamma Laila er utruleg takksam for at den ukjende mannen stoppa.

– Som mor er du alltid litt nervøs for å sleppa ungane dine ut i verda. Då er det fantastisk å vita at det finst slike personar som han, når uhellet er ute. Som liten kjenner ein seg ofte åleine i verda når slikt skjer. Så kjem det då ein kar og fiksar opp, og gir ho tryggleik og omsorg, seier ei rørt mor.

Vil seie takk

Etter uhellet undra Laila seg over kven den ukjende redningsmannen var. Ho ville så gjerne seie takk.

– Eg spurte Adele Lovise. Ho forklarte at det hadde vore ein mann, og at han hadde litt skjegg, akkurat slik at det dekka haka. Eg tenkte, eg måtte jo prøva å få tak i han. Så på kvelden la eg ut ein post på Facebook.

Framleis har ikkje dei to funne ut kven som berga dagen for Adele Lovise, men håpar dei får mogelegheit til å gje uttrykk for takksemda si.

– Det er jo fantastisk. Ho fekk tryggleik og omsorg, så heile situasjonen blei redda. Han har verkeleg stilt opp for ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva ville du sagt til han, om du fekk treffa han att?

– Då ville eg sagt tusen takk, og ville sagt eg var utruleg takksam. Og ville sjølvklart betalt han tilbake for legetimen. Eg vil at han skal vita at det vart sett veldig pris på både av jenta og av oss.

Adele Lovise har også lyst å seie tusen takk.

– Ho var faktisk nede å handla blomar til han, som ho ville gje til han, om ho møtte han igjen, seier Laila.