Under festivalen skal den nasjonale prisen Årets ultraløpar 2018 delast ut. Her før start tysdag morgon
Under festivalen skal den nasjonale prisen Årets ultraløpar 2018 delast ut. Her før start tysdag morgon Foto: privat

30 mil på fem dagar

Bømlo ultrafestival 2019 samlar 18 løparar på Bømlo denne veka. I løpet av fem dagar skal dei springe om lag 30 mil langs bømlavegane.

I fjor var første utgåve av det 302 kilometer lange femdagarsløpet. Kvar dagsetappe er på mellom 50 og 60 kilometer. Vinnar i fjor vart Stig Helge Westerheim frå Sagvåg.

Opningsseglas

Løparane kom til Steinsvåg måndag kveld. Då vart festivalen opna med opningsseglas med «Solholm» tur-retur Kuleseidkanalen-Hiskjo. Joakim Vikanes stod for den musikalske underhaldninga om bord. På Hiskjo henta dei spesiallaga medaljar laga i jernbanestål av smed Jørgen S. Jørgensen. Hovudpremiane er statuettane «Springaren», også dei laga av Jørgensen.

– Deltakarane får sjå Bømlo frå landevegen, men med opningsseglasen får dei sjå litt av Bømlo frå sjøen også, seier initiativtakar og vert Peter Tubaas til Bømlo-nytt.

Bømlo rundt

Tysdag starta årets løp, som går etter same mønster som i fjor. Alle fem dagsetappar startar og sluttar på Steinsvåg på Finnås. Av dei 18 påmelde skal 12 springe heildistanse, medan seks er med på halvdistanse. Deltakarane kjem i hovudsak frå Sør-Noreg, der dei fleste er busette mellom Bergen og Haugesund.

Tysdagen har Brandasund som vendepunkt, og dei som spring halvdistanse startar der.

Peter Tubaas i samband med fjorårets ultrafestival
Peter Tubaas i samband med fjorårets ultrafestival Foto: NILS-TORE SELE/Arkiv

På dag to spring dei til og frå Rolvsnes. Torsdag kjem den store styrkeprøven. Då går turen via Siggjo og Bømlabrua til Moster. Returen går via Håvik mot Sakseidteen.

Fredag går turen til Langevåg via gullgruveområdet på Lykling, og løpet blir avslutta laurdag med Hiskholmen som vendepunkt.

Kulturinnslag og god mat

I år som i fjor skal deltakarane kose seg med god mat, laga av lokale råvarer, og kulturinnslag om kveldane.

I tillegg til Vikanes er det i år Nils Horn, Cecilie Anna, LINN, Goldlog og Longfield & Super Skeleton står for underhaldninga.

– Målet med denne festivalen er å gje deltakarane ei heilt spesiell oppleving. Det er fleire festivalar som har springing, men ikkje så mykje utanom. Bømlo ultrafestival er ikkje berre ein løpsfestival. Det er også mat- og kulturfestival. Målet er at dei som deltek ikkje berre skal få oppleve heile Bømlo frå landevegen, men også lokal mat og kultur, seier Tubaas måndag ettermiddag. Like før storinnrykket på Steinsvåg.

Noregseliten på plass

Festivalen har hatt maksimal plass til 20 påmelde. Årsaka til det er at alle skal bu heime hos Tubaas på Steinsvåg. Alle 20 plassane vart fylte opp raskt etter at påmeldinga vart opna, men i ettertid kom det eit par avmeldingar. Difor er det altså 18 påmelde i år.

Av desse 18 er det tre-fire deltakarar som også var med i fjor. Mellom dei er fjorårsvinnar Westerheim.

– Me er også veldig glade for å ha med oss dei to beste ultraløparane i Noreg i år. På herresida er det Bjørn Tore Taranger og på damesida Therese Falk. I fjor hadde me ingen deltakarar på kvinnesida. I år har me fire. Det er gledeleg, seier Tubaas. Han ser fram til eit spennande løp.

– Må gjerne heie

Litt av tanken bak festivalen er å syne løpemiljøet den nye heimkommunen til Tubaas, og fjorårets festival fekk mykje merksemd. Bømlo og Sunnhordland vart sett på kartet i dette miljøet.

– Folk må gjerne heie på oss når me kjem forbi. Eitt mål er jo også å gjera ultraløping meir tilgjengeleg for alle. Det er ikkje så ekstremt som det gjerne kan sjå ut. Det handlar mykje om å velja rett tempo. Det er meir realistisk enn folk trur, seier han.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no