TROSSA SMERTENE: Daniel Halleraker hadde all mogeleg grunn til å vere nøgd etter at han hadde sykla over 3.000 kilometer og var framme i Trondheim. Foto: Svein Halvor Moe

3000 kilometer på sykkelsetet

Daniel Halleraker hadde ingen lang oppkøyring bak seg då han tok fatt på strekninga mellom Nordkapp og Lindesnes, og deretter sykla opp Setesdal, over Hovden og til Etne. For så å «snu» og venda blikket mot Trondheim.

Det vart over 3.000 kilometer totalt, på han som det siste året har gått på bibelskule i Bergen og de to andre familiemedlemmene. Daniel fortel at starten på det heile var at han fekk spørsmål om han kunne tenkje seg å bli med på eit aldri så lite familieprosjekt. Det var ikkje nei i hans munn, og dermed var det berre å leggje seg i trening. Daniel vedgår at han ikkje fekk førebudd seg så godt som ønskjeleg. Det hadde vore ønskjeleg med fleire mil i beina.

– Eg var budd på at det kom til å bli tøft då me den 21. juni starta på den lange sykkelturen sørover. Det vart 27 dagar med sykling, og eg vil ikkje ha vore denne opplevinga forutan. Sjølv om eg hadde både opp og nedturar, seier Halleraker, og fortel om eit kjensleregister som svinga ganske så mykje. Det var periodar der han koste seg og var glad for at han hadde teke utfordringa. Men det var også periodar der han ønskte å kaste frå seg sykkelen.

Fekk testa seg sjølv

Daniel fekk på den lange sykkelturen testa ut psyken og det mentale. Det er imponerande at han med lite trening klarte å halde det gåande i 27 dagar i strekk. Då har me også teke med sykkelturen frå Etne til Trondheim saman med Team Rynkeby. Den stayerevna og mentale styrken som ungguten viste, vil han få god bruk for i andre samanhengar seinare i livet. Daniel ville ikkje ha vore det herlege prosjektet forutan, sjølv om det vart ein slitsam og spesiell reise.

– Eg kjem nok ikkje til å gløyme denne sommarferien med det første, sa friskusen, som fekk kjenne på meistringskjensla då han var framme i Trondheim. Der og då var det godt å kjenne på at han dei neste dagane slepp å tenkje på at han skal sitje på sykkelen i mange timar og mil, når han gnir morgonsøvnen ut av auga. Dei mange og gode minna kjem han og foreldra til å leve lenge på. Slitaren er glad for at de valde den lengste ruta i Nord-Norge.

Valde kystruta

– Me hadde ein diskusjon på om me skulle ta den kortaste eller den kor me kunne få sett Vesterålen og Lofoten frå sykkelsetet. Me gjekk for den siste, og det valet er både eg, mamma og pappa glade for, ettersom me fekk med oss dei mange naturperlane som ligg langs vegane i Vesterålen og Lofoten. Turen vart ekstra innhaldsrik på grunn av at det vart ein del av opplevinga. På hele vår ferd frå nord til sør kom me i kontakt med mange hyggjelege menneske, seier Daniel.

Den yngste i reisefølgjet innrømmer at han vart «straffa» for at det vart så få treningsmil i forkant. Han fekk belastningsskadar, og det var i periodar både tungt og smertefullt å få pedalane til å gå rundt. Men hardhausen beit tenna saman, og nekta å gje opp som dei aller fleste som var i ein tilsvarande situasjon nok ville ha gjort. Knea fekk hardast medfart. Halleraker sykla seg etter kvart i form, og opplevde at det gjekk betre og betre utover på den lange sykkelturen som det neppe blir aktuelt å kopiere.