På kretslaget: Andrea Hallaråker (til venstre) og Heidi Steinsbø Halbmayr (begge 13) frå Moster speler på Stord J13. Dei er no tekne ut på J14-kretslaget i Hordaland fotballkrins. Foto: Håvard Hammarstrøm

Andrea (13) og Heidi (13) er plukka ut til kretslaget: - Det blir litt stas

Andrea Hallaråker og Heidi Steinsbø Halbmayr frå Moster har hatt ein god sesong med Stord J13. No er dei valde ut til å representere Hordaland på J14-kretslaget.

Regnet pøser ned og vinden piskar rundt Åsbanen i utkanten av Leirvik på Stord. Det legg tydelegvis ingen dempar på gleda over å trene for jentene på Stord J13 denne tysdagskvelden. Trenar Sigve Hellesfjord motiverer til innsats:

— 20 sekund igjen jenter! Kom igjen!

Satsar på fotballen: Heidi Steinsbø Halbmayr tykkjer fotball er kjekt, og valde å satse vidare på Stord. Her trener ho på headingar. Foto: Håvard Hammarstrøm

Mangla tilbod på Moster

Med på laget er tre jenter frå Moster. Fram til sommaren spelte dei for Moster IL, men i haust valde dei å gå over til Stord. Moster IL hadde rett og slett ikkje nok spelarar til å stille med eit J13-lag. To av mostringane på Stord er no tekne ut på J14-kretslaget i Hordaland.

— På kretslaget heiter me J14 sidan me blir 14 år til neste år, forklarer Andrea Hallaråker.

— Ikkje det beste vêret i dag, men de er gjerne vante med det?

— Det er litt surt, men me er jo herifrå, så det er jo normalt, svarer Andrea.

Ville spele saman

— Kvifor valde de å spele for Stord?

— Me ønskte litt meir utfordringar. Eg valde vel mest Stord av di systera mi hadde spelt her før, eg har vener her og eg visste at dei speler bra fotball, svarer Andrea. Heidi Steinsbø Halbmayr nikkar. Ho fortel at ho ikkje kjente nokon av Stord-spelarane frå før, men ho ville gjerne halde fram å spele i lag med dei to mostringane som ho hadde spelt i lag med, Andrea Hallaråker og Selma Notland Bjørklund.

— Det har gått veldig fint. Det har vore kjekt. Det er mange gode folk her, seier Heidi.

Kjekt på kunstgraset: Heidi Steinsbø Halbmayr og resten av Stord J13 trente i eit ufyseleg vêr på Åsbanen tysdag kveld, men humøret var likevel på topp. Foto: Håvard Hammarstrøm

Fotball nesten heile veka

Stord J13 har i haust spelt i Rogaland-serien. Det vart ein god sesong, og jentelaget enda til slutt på ein tredjeplass. I tillegg til å spele kampar trener jentelaget tre kveldar i veka. For Andrea og Heidi blir det i tillegg treningar med kretslaget kvar måndag. I helgane blir det gjerne litt eigentrening.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Så må me gjerne slappa litt av på torsdagane, seier Andrea.

— Det blir litt stas

Men korleis hamna dei eigentleg på kretslaget? Andrea forklarer at dei først var på det som blir kalla sonetrening, med andre spelarar frå Sunnhordland. Deretter vart dei plukka ut til å spele ein sonecup i Bergen.

— Og etter den turneringa vart det teke ut spelarar til kretslaget. Me skal spela cup i desember i Vestlandshallen 11. desember mot Rogaland og Sogn og Fjordane, fortel Heidi.

Kjekt å spela for Stord: Andrea Hallaråker (til venstre) og Heidi Steinsbø Halbmayr gir uttrykk for at det er godt miljø i spelargruppa i Stord J13. Foto: Håvard Hammarstrøm

— Korleis blir det å spele for kretslaget?

— Det blir veldig kjekt. Me vart tekne ut til ein cup i Hamar litt før kretslaget vart teke ut, så då fekk me også prøvd oss litt. Det var veldig kjekt, svarer Andrea. Heidi nikkar. Ho ser fram til å spele i Vestlandshallen.

— Det blir litt stas. Veldig kjekt.

— Korleis trur de at det kjem til å gå?

— Eg trur det kjem til å gå fint, svarer Heidi.

Friskt pust i spelargruppa

Trenar Sigve Hellesfjord seier det var fint å få tre kjekke jenter frå Moster med i spelargruppa i haust.

— Det har vore ei god forfrisking for oss. Me var litt få jenter, så dette var veldig kjekt, seier trenaren. Hellesfjord fortel at dei tre spelarane er godt tekne imot, og at dei ser ut til å trivst godt. Inkludering og det å sørgja for at alle trivst er ein viktig del av filosofien i laget, peikar han på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stord J13: Dei tre tidlegare mostraspelarane har funne seg godt til rette med gode lagvenninner på Stord J13. Laget har lagt bak seg ein god sesong i Rogaland krins, der det til slutt vart ein tredjeplass i serien. Foto: Håvard Hammarstrøm

— Og kjekt at dei blir tekne ut på kretslaget?

— Ja, Moster har gjort ein kjempegod jobb med desse spelarane sidan dei byrja å spele fotball. Jentene sjølve er veldig treningsvillige. Dette kjem ikkje av seg sjølv. Du må ofra ein del, svarer trenaren. På vegner av laget seier han seg nøgd med sesongen og tredjeplassen i serien, men det var få cupar å spela i.

— Me fekk ein andreplass i Regycup. Det er veldig bra. No bur me oss på neste sesong. Då er me ferdige med niarfotball, og skal over på elleverfotball og full bane.

Les også
Moster skule og bømlaverksemder tett på revolusjonerande miljøprosjekt
Valde å gå til Stord: Det var tre mostringar i denne årsklassa som valde å byrje på Stord J13 i haust. Frå venstre: Selma Notland Bjørklund, Andrea Hallaråker og Heidi Steinsbø Halbmayr. Foto: Håvard Hammarstrøm