Kulturminister Abid Raja (V) møtte tysdag idrettspresident Berit Kjøll, fotballpresident Terje Svendsen og andre forbundsleiarar. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Fotballen treng éi veke for å starte breiddeidretten

Barne- og ungdomsfotballen i Noreg kan vere i gang ei veke etter at dei får grønt lys frå styresmaktene, meiner fotballforbundet.

Norske idrettstoppar har vore i samtalar med både helsestyresmaktene og kulturdepartementet om korleis dei kan få i gang igjen breiddeidretten etter koronaperioden.

Det er ifølgje idrettspresident Berit Kjøll formålstenleg å starte med barne- og ungdomsidretten. I fotballen kan ein oppstart skje raskt når godkjenninga kjem frå styresmaktene.

– Frå styresmaktene finn det forsvarleg å opne opp barne- og ungdomsfotballen, treng vi ei veke til å områ oss for å få sett i gang, sa fotballpresident Terje Svendsen i etterkant av eit møte med kulturminister Abid Raja (V) tysdag.

– Viktig for samfunnet

Kjøll viser til at helsestyresmaktene har uttalt at barn og unge er dei som spreier smitten minst, og at dei derfor vil starte med dei.

– Det handlar om opning av hallar og symjehallar slik at vi får i gang idretten. Barn og unge er utruleg flinke til å etterleve reglar, og dei kan vere med på å setje regelverket i heile samfunnet. Vi meiner dei har føresetnader for å gjere det, seier idrettspresidenten.

Kjøll er overtydd om at det er viktig for samfunnet å komme i gang med idrett så snart det er helsemessig forsvarleg.

– Eg trur at idretten betyr så mykje for så mange, anten det dreier seg om frivillig engasjement, barn og unge, integrering eller inkludering. Det er viktig for folkehelsa vår at folk er i aktivitet. Det kjem mykje godt ut av å drive aktiv idrett, uansett kva nivå det er på.

Bekymra svømmepresident

Kulturminister Raja har ikkje lova noko når det gjeld tidspunkt for restart av idretten, men han understrekar at han tenkjer på dei mange barna og ungdommane som ønskjer å drive idrett.

– Idrettspolitikken til staten handlar òg om breidde og dei 11.000 lokale barne- og ungdomsforeiningane rundt i landet. Dei er vi opptekne av, og dei skal vi prøve å ta vare på på best mogleg måte, sa han etter å ha møtt fleire forbundsleiarar tysdag.

Blant dei var òg svømmepresident Cato Bratbakk. Han er ikkje først og fremst oppteken av å komme i gang med konkurransar igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den største bekymringa vår er symjeopplæring for barn og unge fram mot ein sommar der vi skal vere heime, og alle skal ha aktivitetar i nærområdet og i vatn. Det har vore bodskapen vår (overfor Raja) å få i gang symjeopplæring. Det meiner vi er det viktigaste, og då vil nok breiddeidretten følgje med som ein del av det, seier Bratbakk.

(©NPK)