GODT DISPONERT LØP: Harald Kårbø spring for Stord IL og her passerer han målstreken 2 hundredelar framfor Fredrik Sandvik. Foto: Skjermdump av NRK

Gull til Harald Kårbø i NM

Eit sterkt løp enda med velfortent siger og gullmedalje på 3000 meter hinder i kveld, laurdag.

Harald Kårbø slo Fredrik Sandvik på målstreken etter at Sandvik gjekk sterkt ut og heldt leiinga i løpet frå start. Det han ikkje visste, var at Kårbø hadde disponert løpet betre, og kom bakfrå i høgare fart, og med atskillig meir elegante passeringar over hindera.

Det spennande løpet var ikkje avgjort før på målstreken, og det er berre å gratulera Harald Kårbø med tida 8.53.11 og norsk gull.

Samstundes kan me melda at Jakoob Vaula har kvalifisert seg til finale 200 meter sprint med tida 22.17, og dermed er det endå meir spenning i vente for Stord og Bømlo i morgon, søndag, under NM i friidrett i Bergen, Fana Stadion.