HÅPAR I DET LENGSTE: Bremnes idrettslag har ikkje avlyst Remacup. Vona er at det kan bli noko av fotballturneringa for barn og ungdom i haust. Arkivfoto Foto: Håvard Hammarstrøm

Håpar at det blir Remacup

Hovudstyret i Bremnes idrettslag har ikkje konkludert med endeleg avgjerd rundt Remacup.

– Me vil så lenge det går an, prøva å arrangera Remacup i år. Vona er at me skal få til ein eller annan form for cup i haust. Dette jobbar me med no, seier dagleg leiar i Bremnes idrettslag, Jovana Babanic.

– Kanskje vert det ikkje ein fotballcup der det er høve for overnatting for tilreisande lag. Me følgjer med på det som kjem frå regjeringa, og skal bestemma oss ut frå det dei seier om idrettsarrangement utover sommaren. Me kan ikkje vera anna enn tolmodig. Me må berre venta å sjå, opplyser Babanic.