MISTA EM: Det har vore ein stusseleg sommar på friidrettsfronten for Jacob Vaula, som no er tilbake i trening igjen etter eit langt skadeopphald. Arkivfoto. Foto: DECA TEXT&BILD

Håper å rekke junior-NM

Det har så langt vore ein stusseleg sesong for Jacob Vaula. 19-åringen som på grunn av ein skade ikkje har fått vist kva han er god for. Juniorlandslagsløparen er no tilbake i trening, og han håper å rekke juniornorgesmeisterskapen.

– Eg har diverre slite med skade i ein lang periode no etter at eg pådrog meg ein strekk i hamstringen for nokre veker sidan, seier Jacob. Det skulle vise seg at strekken sat djupare og var meir alvorleg enn han først trudde. Dermed har det blitt eit langt skadeopphald på den tidlegare Bremnes-utøvaren. Vaula hadde rett etter at det «lugga» i låret, forhåpningar om at det skulle vere mogeleg å rekke U20-EM som var det store målet på friidrettsfronten for bømlingen denne sesongen.

Det var tungt å akseptere at han ikkje vart frisk tidsnok til å klare kravet, og deretter konkurrere i norsk landslagsdrakt i estiske Tallin. Jacob kunne ha gjort ein god figur i det tidlegare austblokklandet dersom han hadde vore rask og frisk. Sjølv om det internasjonale sprintnivået er høgt, og det er mange land som har gode løparar. Vaula er ein av dei som har stor toppfart. Stortalentet har over tid bevist at han har noko å gjere i det internasjonale selskapet når han er frisk.

Har vore skadeutsett

Jacob sleit også med skader i fjor vår, på forsommaren og tidleg på hausten. Men slo sterkt tilbake i senior-NM, der han var i sitt livs form. Vaula prioriterte trening framfor konkurransar og fekk betalt for det i senior-NM, der det både vart medaljar og gode tider. Det lokale hurtigtoget håper på ei tilsvarande utviklingskurve i år. Jacob er lite lysten på å ta sjansar slik at han slår opp skaden. Gular-sprintaren vil vente til han er på den sikre sida igjen.

– Eg har byrja å ta lette fartsdrag igjen, og det har så langt gått bra. Men eg har ikkje gitt full gass når eg har køyrt denne typen drag og intervaller. Det har samanheng med at det må vere progresjon før eg kan ta ut alt. Planen er å delta i juniornorgesmeisterskapen dersom hamstringen og kroppen elles er klar for det. I motsett fall vil eg vente med å konkurrere, seier Bergens-studenten, som får god tid til å trene no som han har fri frå studiane.