Sigbjørn Arvid Sætre

Semifinale B-sluttspel Jente

Bremnes – Fjellhamar 0-6,(0-2)

Det var eit jentelag som var både slitne og småskada og med ein liten spelarstall sleit dei seg vidare til semifinale i B-sluttspelet i går kveld. Fredag føremiddag spelte dei kampen som skulle avgjera om dei skulle komma heim med ny pokal til klubben eller ikkje. Blir det siger, så får dei pokal uansett om det blir siger eller tap i finalen.

Dessverre for jentene så møtte dei eit betre lag og Bremnes kom aldri inn i kampen. Fjellhamar viste seg å være eit godt lag som pressa Bremnes frå start. Etter ti minutt av første omgang får dei straffe etter felling og den setter dei i mål og tar leiinga 1-0. Seinare i omgangen scorar dei etter corner og aukar leiinga til 2-0 som var stillinga ved pause.

Svært slitne Bremnes spelarar som sleit med skadar kjempa iherdig godt, men fredag var motstandaren for god og kreftene heldt ikkje. Utover i andre omgang var det bare eit spørsmål om kor stor sigeren skulle bli og det vart spel mot eitt mål. Fjellhamar scora fira mål i andre omgang og sendte Bremnes ut av ein semifinale for andre gang på to år. Mange av jentene opplevde også i fjor å tapa ein semifinale, da etter straffespark.