Eirik Mæland skal jobba tett på hovudtrenar Erling Moe, som i år ble kåra til «årets trenar» i norsk fotball. Det var som venya etter at MFK, som klubben blir kalla i rosenes by og Romsdal, vann både cupen og serien. Sjølv om Bodø/Glimt også hadde ein fantastisk sesong med cup og seriesølv, og ikkje minst kvartfinale i Conference League. Molde har i år teke tilbake hegemoniet i norsk fotball.

– Eirik har trass sin unge alder mykje erfaring både som trenar og ikkje minst spelar. 33-åringen har mange sesongar bak seg på det øvste nivået som spelar. Dei siste åra har han vore ein del av trenerteamet i Fredrikstad og Kongsvinger. Det er imponerande resultathan har oppnådd i KIL. Difor er me glad for at Eirik valgte oss, seier ein strålende nøgd Erling Moe.

Har jobba lenge med Mæland

Suksesstrenaren røpar at dei har jobba i heile haust for å sikra seg Mæland. Det har vore ein lang prosess som no kulminerer med at den tidlegare Bremnes-spelaren sender flyttelasset til Norges beste fotballby.

MFK vann fire av seks NM-finalar i år ettersom G 16, G 19 og J 19-laget også kunne jubla over cupfinalesigrar.

Eirik Mæland kjem til ein av dei mest ressurssterke klubbane i Noreg.

– Eirik kjem til å tilføra oss kompetanse. Vonleg så har me også noko å læra av Eirik. Han tilhøyrer ein ny trenargenerasjon og er veldig spennande. Det at me no får inn eit nytt andlet i trenerteamet trur eg er sunt, seier Moe.

Han kan lova at Mæland kjem til ein klubb kor svolten er stor. Molde Fotballklubb skal gjera det som er mogleg for å forsvara serie- og cupgullet.

Champions League-klubb

– Dette var ein sjanse eg ikkje kunne seia nei til, fortel Eirik Mæland, som flyttar til Molde først på nyåret.

Frå då av vil det gå i eitt med treningsleirar og førebuingar til det som kan bli ein utruleg spennande sesong. MFK skal ut i Champions League-kvalifisering, og eIt av deI største måla i år blir å kvalifisera seg for den gjævaste klubbturneringa eller Europa League.

Sjansen til å vera ein del av eit trenerteam som opererer på internasjonale arenaer, er ein av fleire grunnar som gjorde at Eirik Mæland blei trigga til å signera for MFK, som saman med Rosenborg har det største budsjettet i norsk fotball. Bodø/Glimt er i ferd med å bli ein god nummer tre etter den sportslege suksessen dei fire siste åra. Det er framleis langt fram til Molde og ikkje minst Rosenborg, når det gjeld internasjonale titlar.