Fartstid i BIL:– Eg har spelt for BIL sidan eg var sju år gammal.

Tid som kaptein:– Denne sesongen er første året som kaptein på A-laget. Det er kjekt å bli utnemnt til å leia laget. Det er ei ny rolle som eg trur skal gå godt.

Arbeid:– Eg jobbar som tømrar her på Bømlo og trivest veldig godt med det. Å kombinera fotball og jobb går veldig godt for min del.

Mål for sesongen:– Det må vera at me skal utvikla oss som lag, skapa ein god kultur og så skal me sjølvsagt vera med å kjempa i toppen. Me har kjempa i fleire år mellom 4.divisjon og 5.divisjon. Me vil på sikt stabilisera oss til å bli eit godt 4.divisjonslag. Me har eit ungt lag, som berre vil bli betre.

Treningskampar:– Me la eit godt grunnlag i vinter, der me prioriterte Macron vintercup og gjekk heilt til topps! Største styrken i laget?– Det er at me har nok tempo og dermed sjansar til å angripa bakrommet til motstandarane. Me har raske vingar og Guttorm Kallevåg sin fysikk som midtspiss.

Sesongen så langt?– Me har komme veldig godt i gang med siger i dei to første kampane me har spelt. Gutane synest det er veldig godt å vera i gang med sesongen, og me gler oss til resten.