SIGGJOTRENING: Nora Markhus legg mykje av treningsgrunnlaget sitt oppover dei bratte trappene mot Siggjo sin topp. På ei god økt blir det gjerne både fem og seks treningsturar opp og ned i det bratte terrenget. Foto: Åsmund Nesse

Likar seg best i motbakkane

Nora Markhus (25) frå Moster legg ned solide mengder trening i oppoverbakkar. Til våren siktar ho inn på å kvalifisera seg til VM i motbakkeløp i Innsbruck.