Sigbjørn Arvid Sætre

Keeper Morten Sæverud spelte ein super kamp og hindre fleire baklengsmål for Bremnes 1

Innleiande kamp Norway Cup Gutar

Notodden – Bremnes 1 2-1,(2-0)

Målscorar: Jørgen Agasøster

Bremnes 1 sine gutar hadde spelefri søndag og må dermed spela to kampar mandag. I lagets første kamp i årets Norway Cup møtte dei Notodden og det vart ein god kamp av Bremnes 1.

Kanskje var det på grunn av spelefri søndag, samt tidleg kampstart, for Bremnes 1 spelarane var veldig sløe dei første minuttane av kampen. Det utnytta Notodden til fulle og før det var spelt tre minutt, så låg Bremnes under med 0-2. Det kom til å prega heile kampen og til meir ut i kam pen ein kom, til sterkare kom Bremnes. Men dei makta ikkje å redusera i første omgang. Tidleg i andre omgang har Bremnes ein kjempesjanse til å scora, men dei fekk ikkje ballen over streken. Kampen er jamn, og Bremnes er fullt på høgde med Notodden. Det var derfor fortent da Jørgen Agasøster fem minutt før slutt scora og reduserte til 1-2. Notodden kom også til sjansar og berre supert keeperspel av Morten Sæverud hindre fleire baklengsmål. Bremnes prøvde å scora eitt mål til og utlikna til 2-2, men det makta dei ikkje og kampen enda med 2-1 tap. Seinare i dag blir det sambafotball for Bremnes 1 da dei skal møta Pequeninos do Jockey * frå Brasil.