I staden var det afrikanarane som blei sendt på planken, etter ein høgdramatisk kamp. Marcus Habbestad fiksa 1-1 etter ordinær tid, og det enda opp med straffesparkkonkurranse. På straffe nummer sju kunne kampen avgjerast. 15 år gamle Runar Fylkesnes gjekk fram.

Nervepirrande

– Rekna med at eg skulle ta straffe. Då eg gjekk fram, tenkte eg berre at dette har eg øvd mykje på heime. Eg sette som vanleg ballen til høgre, men fekk eit litt høgt treff på ballen. Målvakta var etter ballen, men heldigvis rulla han over streken. Eg var ikkje noko særskilt nervøs då eg gjekk fram, sjølv om dette nok er det mest nervepirrande eg har vore med på.

Trenar Per Kåre Kallevåg klarte ikkje ein gong å sjå på dei siste straffesparka. Etterpå var han ein letta mann.

– Fullt fortent. Burde faktisk avgjort dette etter ordinær speletid.

Rakna mot Røa

Der og då var det nok mange i den gule armada som hadde godt håp om ein repetisjon på fjoråret. Men dei hadde ikkje rekna med Røa. Eit veldig bra Oslo-lag.

Bremnes gjorde litt av ein bragd då dei sigra mot Waryaa Star frå Somalia i 16-delsfinalen.

– Dei var gode, hadde gjort heimeleksa si og me hadde rett og slett ikkje nok kraft i kropp og bein. Det gjekk rett og slett ikkje raskt nok med oss. Dermed 0-2 og på hovudet ut av Norway Cup, og det før torsdagen var omme. Ikkje heilt etter planen, men lite å gjere med. Likevel har det vore ei lærerik og kjekk veke.

Trur på framtida

Kallevåg er oppteken av at Bremnes på ny må få eit godt A-lag. Og vegen dit går gjennom satsing på juniornivå.

– Me må få nok gode kull, og mykje tyder på at me er på rett veg. Det kjem ein fin 2001-gjeng, som kan gje oss ei god treningsgruppe. Då er me i gang. Så gjeld det å reise til Bergen for å måle krefter. Der må ein alltid kjempe om kvar einaste ball og kvart poeng. Det nyttar ikkje å reise sørover mot Haugesund. Det er rett og slett ikkje godt nok, om me vil vidare. Og etter kvart også få eit solid A-lag, slår Kallevåg fast.

Vidar Alfarnes