- Eg har lyst til å satsa litt meir på terrengløp dei neste vekene. I så fall kan det henda at eg prøver å kvalifisera meg for Nordisk meisterskap som i år går i Kristiansand. Eg får sjå det litt an ettersom eg snart skal ha ein liten pause før eg for alvor startar opptreninga til neste sesong. Det er nok lurt å lada batteria litt før eg går laus på den tøffaste oppkøyringa. Eg merkar at hovudet treng det sjølv om eg på ingen måte er lei, seier Tom Erling til Bømlo-nytt.

Det gjer han i etterkant av en periode kor det har blitt ein del løp.

Han har blant anna vore i Belgia og konkurrert. Der var det ein 3000-meter som sto på programmet. Kårbø hadde før avreise von om at det skulle vera mogle å pynta på bestenoteringa på 8,06. Det var litt for mykje vind og ujamn fart til at han klarte å pynta på persen. Han sprang inn til 8,10 som var ei brukbar tid, meiner han sjølv. I elitestemnet i Kristiansand fossa den eldste av Kårbø-brørne inn til 3,47 på 1500-meter. I sørlandsbyen var det heller ikkje optimale forhold.

Har bra fart

Det var også ein bra prestasjon sjølv om han har sprunge raskare på distansen tidlegare i år. 1,56 på 800-meter har det også blitt. Det til tross for at han måtte gjera alt åleine der. Tom Erling har sprunge fire sekundar fortare for nokre år sidan. Det er en indikasjon på at han har bra fart i kroppen. Det er mykje som tydar på at økonomistudenten hadde vore kapabel til å bryta den magiske 1,50-grensa på mellomdistansen om han hadde trent spesifikt for det. Hans fartsressursar har fleire gongar komme til sin rett når det har vore spurtoppgjer.

- Kor stor sjanse er det for at me får sjå deg under NM i terrengløp i Rindal?

- Det går i starten av oktober og kjem mest truleg for tidleg i samband med den vesle pausen eg skal ha. Det kan henda at eg i staden vurderer å trena i den perioden. I so fall kan det vera aktuel å satsa på Furumomila. Den brukar å samla mange av dei beste til start. Får eg ein god prestasjkon i Buserud, kan det vera mogleg å kvalifisera seg til Nordisk meisterskap, fortel Kårbø. Det er det siste på terrengfronten her heime.

VM er målet neste år

Dei beste i Nordisk Mesterskap vil mest truleg få sjansen til å delta i Europameister-skapen mot slutten av året. Tom Erling har meir eller mindre halde det gåande samanhengande i to år no. Han fekk på grunn av ein skade spolert det meste av forrige sesong. Konkurranselysta var stor då han var tilbake på seinsommaren og hausten. Den energiske Stord-løparen så difor ingen grunn til å ta pause då han byrja å bli skikkeleg varm i trøya. Etter ein god trenings- og konkurransehaust fortsette han hardkjøyret utover vinteren.

Europameisterskapen i Amsterdam var det store målet for sommaren. Det var ein opptur for Tom Erling at han klarte kvalifiserings- kravet og fekk springa i norsk landslagsdrakt i Nederland. Det skjedde til tross for ein skade på våren, der han fekk færre treningsøkter med piggsko på føtene enn han hadde ønskt seg. Neste år er VM hovudmålet. Han kan med ytterlegare framgang vera ein kandidat til den meisterskapen.

Av: Svein Halvor Moe