Sigbjørn Arvid Sætre

Mathilde Kallevåg scora begge måla da jentene vant 2-0 over Nord.

Innleiande kamp Norway Cup Jenter

Nord – Bremnes 0-2,(0-2)

Målscorarar: Mathilde Kallevåg (2)

Etter at det vart eit knapt eitt måls tap for 2er jentene, så var førstelaget ekstra gira på å vinna da dei søndag kveld møtte Haugesunds laget Nord. Som også for juniorane, så stiller Bremnes 1 sine jenter med to spelarar som er eitt år eldre enn øvre grense for jentelaga. Dette er for at dei skulle ha nok spelarar til å stilla med to lag. Bremnes tok tidleg tak i kampen og fekk etter kvart eit klart overtak. Nord spelte med offside taktikk og den fant ikkje Bremnes 1 ut av i det heile. Gjennom heile kampen sprang Bremnes 1 jentene i offside og fekk ikkje angrepsspelet til å fungere. Bakover på banen hadde Bremnes god kontroll. Midtvegs i første omgang klikka offsidefella for Nord og Mathilde Kallevåg sprang gjennom og scora og gav laget ei fortent 1-0 leiing. Bremnes 1 burde ved fleire høve ha auka leiinga, men den scoringa kom ikkje før i siste minutt av første omgang. Også denne gangen var Mathilde Kallevåg sist på ballen.

Andre omgang vart svært rotete og lite bra spel. Nord makta ikkje å scora og det gjorde heller ikkje Bremnes i denne omgangen og dermed vant Bremnes 1 kampen fortent 2-0.