Bremnes rykte i fjor opp frå femtedivisjon til fjerdedivisjon på første forsøk. I årets første serierunde vart det tap 1–0 på bortebane mot Bjarg. Ein dødball vart avgjerande. Slik skulle det også gå i første seriekamp på heimebane. Os/Nore Neset fekk frispark etter sju minutt. Etter klabb og babb i feltet kunne Malin Ludvigsen setja inn 0–1 frå kloss hald.

Skapte store sjansar

Fram til skåringa hadde det vore ei jamn opning på kampen. Etter skåringa festa Bremnes grepet og kom til fleire dødballar. Os/Nore Neset-målvakt Emilie Askvik Bøe måtte i aksjon ved fleire høve, men avslutningane til Bremnes var stort sett ufarlege.

Då halvtimen var spelt fekk bortelaget sin andre av i alt tre store sjansar i kampen, men ballen gjekk igjennom heile Bremnes-feltet og like utanfor målet til Ingjerd Baugstø.

Like før pause kom Hedda Mæland til ein stor sjanse for Bremnes. Skotet strauk stolpen å utsida. Ut frå spel og sjansar hadde Bremnes fortent ei utlikning her.

Bremnes klart best

Bremnes starta andre omgang slik den første slutta. Mæland vart spelt nydeleg igjennom og kom åleine med Askvik Bøe. Os/Nore Neset-målvakta avverja her ein hundreprosentsjanse. Bortelaget kom til ein halvsjanse på eit hjørnespark og kom til eit skot like før slutt som Baugstø redda fint. Elles forsvarte Bremnes seg godt.

Hedda Mæland kom til fleire gode sjansar. Her er ho i duell med målvakt Emilie Askvik Bøe på Os/Nore Neset.

Linda Birgitte Morlandstø sette mellom anna inn ei kjempetakling og hindra ein farleg målsjanse.

Framover skapte BIL målsjansar på løpande band. Askvik Bøe måtte bokse ballen vekk etter eit hjørnespark, og kaptein Anna Innvær sende av garde ein susar frå 30 meter som gjekk i tverrliggjaren og over då det var spelt 82 minutt. Nærmare kom ikkje Bremnes. Dei gule og svarte hadde fortent poeng i denne kampen, men det ville seg ikkje.

Imponert bortelagstrenar

Stian Kvåle er trenar for Os/Nore Neset. Han var naturleg nok glad etter kampslutt.

– Me er strålande nøgde med dette resultatet mot eit vanvettig godt Bremnes-lag. Dei har eit ungt og godt lag her som sette oss under press etter skåringa. All honnør til Bremnes. Eg skal vera så ærleg å seie at dei hadde fortent poeng i dag. Det vil nok ikkje ta lang tid før dette laget tek trepoengar etter trepoengar.

– God innsats

BIL-trenar Ståle Ytrøy er samd med Kvåle i at laget hans hadde fortent poeng.

– Eg tykkjer synd på jentene i dag. Det vart eit surt tap, men jentene syner god innstilling og eg er nøgd med laginnsatsen. Me stiller med eit ungt lag, og har mykje å lære her. Tempoet er høgare i fjerdedivisjon, men når me får spelt litt på dette nivået, får trent godt og står på kjem me til å ta poeng, seier han.

Neste kamp er 29. april borte mot eit Askøy som også har to tap på to kampar.