Sigbjørn Arvid Sætre

Hassan Reza Rahimi (5), Magnus Håstø og Martin Hellen Sele scora måla i 7-2 sigeren over Årvoll

16-dels finale B-sluttspel Norway Cup Smågut 7er

Årvoll – Bremnes 2-7,(1-5)

Målscorarar: Hassan Reza Rahimi (5), Magnus Håstø og Martin Hellen Sele

Nå har 7-er smågutane fått smaken på korleis sigeren smakar på Ekebergsletta og onsdag ettermiddag tok dei sin andre siger i sluttspelet og avanserte dermed til 8-dels finalen. Bremnes møtte Årvoll og det tok ikkje lang tid før Bremnes var i leiinga og den gav dei ikkje i frå seg. Bremnes scora fem mål i første omgang og dei leia 5-1 ved pause. Bremnes hadde full kontroll også i andre omgang og det vart to nye mål til og dei vant til slutt heile 7-2. Kampen store spelar var Hassan Reza Rahimi som scora fem mål. Dei to andre måla vart scora av Magnus Håstø og Martin Hellen Sele. Nå er laget som ikkje vant ein innleiande kamp klare for 8-dels finalen torsdag føremiddag.