Geir si fotballinteresse starta i ung alder. Han starta som smågut for Bremnes og spelte seg frå smågut til A-lag. Det vart heile 21 sesongar i A-lags fotball, 18 av dei vart spela i keeperdrakta til Bremnes. Geir la opp som fotballspelar på slutten av 80- talet, men på same tid vaks ein ny hobby fram.

KEEPER: Geir Sortland i sine glansdagar som målvakt for Bremnes. Foto: Privat

Fotballen si historie vart den nye hobbyen til Geir, ein hobby som lever like sterkt den dag i dag.

– Eg har samla og lese over 400 ulike bøker som handlar om fotball. Dei nyaste bøkene kjøpte eg faktisk i dag, ei bok om Sogndal fotballklubb og ein om den litt mindre kjende Erling Braut Håland. Bøkene handlar om mykje ulikt, men det er fleire av dei som handlar om fotball VM.

– Det er ei interesse eg har hatt lenge. Eg har nemleg skrive fleire sider frå alle spelte VM sidan det første tilbake i 1930. For meg handlar ikkje VM om kva spelar som skårar flest eller finast mål. Det handlar om historia til dei ulike profilane som spelar, fortel Geir Sortland.

To favorittlag

Det blir mange timar i fotballens historie, men der er alltid tid til å sjå på fotball òg.

– Eg følgjer framleis med på fotballen som blir spelt, men ikkje like mykje som eg gjorde før. Brann og Tottenham er laga eg heiar på. Brann gjer det jo ikkje så halvgale, Tottenham vil eg unngå å kommentera, fortel Geir.

Meiner dei høge pengesummane øydelegg

Fotball har dei siste åra tatt av når det kjem til pengebruk. Fleire spelarar blir i dag selde for over ein milliard kroner.

– Det er synd at pengar kan styra ein sport. Me ser det ikkje berre i fotball men i alle sportar. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor spelarar takkar ja til tilboda dei får, det er snakk om utruleg store summar for å spela ball. Men eg synest framleis at det øydelegg for fotballen at spelarar blir tilbod fleire milliardar for å spela i middelmåtige ligaer, seier Geir.

Her er nokre av artiklane den fotballinteresserte keeperlegenda frå Bremnes har skrive for Bømlo-nytt: