Torbjørn Kallevåg teikna seg på skåringslista og avgjorde kampen mot Mjøndalen.
Torbjørn Kallevåg teikna seg på skåringslista og avgjorde kampen mot Mjøndalen. Foto: Hege Jakobsen Valde/Arkivfoto

Kallevåg med kvartfinaleskåring

Torbjørn Kallevåg sette inn 3-1 for FK Haugesund med ei vakker skåring under kvartfinalen i cupen.

Thore Pedersen gav FKH leiinga i første omgang med eit vakkert langskot etter 18 minutt, og det var også stillinga til pause. I andre omgang la Martin Samuelsen på til 0-2, før Olivier Occean reduserte for bruntrøyene etter 84 spelte minutt.

Avgjorde kampen

Dermed var det ny spenning i kampen, men innbyttar Torbjørn Kallevåg banka til med eit skikkeleg langskot to minutt seinare. Då ballen suste opp i vinkelen var sigeren sikra. Joakim Våge Nilsen spelte heile kampen for FKH.Trekning av semifinalane skjer torsdag kveld.

Her kan du sjå skåringane frå kampen på nettsidene til NRK