Solid skyting: Klepp-skyttar Line Rødland varta opp med strålande skyting og noterte 349 poeng og19 innartiarar under eit stemne i regi av Bremnes Skytterlag i helga. Foto: Jonny Innvær

Line Rødland tangerte banerekorden

Dei yngre skyttarane imponerte stort då Bremnes Skytterlag inviterte til stemne i helga. Førsteårssenior Line Rødland frå Klepp slo like godt til med 349, 19 innartiarar og tangering av banerekorden.

Ho tangerte dermed resultata som Liv Sollesnes og Lise Margrethe Rinde har skote tidlegare på denne banen. Det frivillige Skyttervesen kjenner ikkje til at ein så ung skyttar har skote 349 poeng på bane tidlegare. Med Kjetil Skår (Hardanger/345 poeng) og Olve Grønås Birkeland (Haugesund og Sveio/344 poeng) på dei to neste plassane, var snittalderen på pallen godt under 20 år.

Ny banerekord: Rødland tangerte banerekorden og får namnet sitt på veggen. Foto: Jonny Innvær

Oda Innvær best av bømlingane

Det var to Bremnes-skyttarar som skaut i klasse 3-5, nemleg Oda Innvær som skaut 332 poeng, og vart nummer 30 til slutt, og Jonny Innvær som skaut 331 poeng og vart nummer 33. I alt var det 38 skyttarar som skaut i denne klassa i helga.

I klasse 2 synte Georg Andal (Bremnes) flott skyting. Han gjekk til topps i denne klassa med 339 poeng. Anita Bakkane (Stord) vart nummer to med 336 poeng, medan Kjell Helge Berge (Ølen) vart nummer tre med 335 poeng.

100 meter

Elles merkar me oss at Bremnes-skyttar og rekrutt Maurits Laurhammer skaut solide 240 poeng på 25 skot på 100 meter. Etter 25 skot i denne klassa (R 11-13 år) var det innartiarane som skilte dei tre første plassane, i og med at alle tre skaut 240 poeng. Unge Laurhammer kom til slutt på 3.-plass med fem innartiarar. Vann gjorde Sander Larsen Fornes (Haugesund og Sveio) med 10 innartiarar, medan Kvinnherad-skyttar Helene Hansen vart nummer to med åtte innartiarar.

Etter 35 skot var stillinga den same. Larsen Fornes skaut solide 340 poeng og vann. Hansen vart nummer to med 334 poeng, eitt poeng føre Laurhammer.

V65

Bremnes-skyttar Olav Magne Nesse skaut 250 poeng på 25 skot i klasse V65. Det same gjorde Hardanger-skyttar Arne Berge. Berge hadde likevel tre fleire innartiarar (16) og vann denne klassa etter 25 skot. Nesse vart dermed nummer to.

I meisterskapen var det stadig jamt mellom dei to skyttarane, og det var også innartiarane som skilte dei to etter 35 skot. Berge vann til slutt med 349 poeng og 22 innartiarar. Nesse fekk like mange poeng og 16 innartiarar. Kirsten Vorland (Bømlo) låg som nummer seks etter 25 skot, men ho skaut godt på dei ti siste og vart til slutt nummer tre med 346 poeng.

V73

I klasse V73 vart Petter Nordvik beste Bremnes-skyttar etter 25 skot på ein åttandeplass med 248 poeng. Her var det jamt i toppen. Fire skyttarar skaut 250 poeng. Best var Harald Englund frå Søgne som skaut imponerande 23 innartiarar.

Etter 35 skot hadde Nordvik skote seg opp til ein sjetteplass med 348 poeng. Englund vann med 350/30. Med tre skyttarar på 350 poeng vart innartiarane avgjerande også her. Einar Vorland (Bømlo) skaut 345 poeng og vart nummer 12, medan Godtfred Innvær (Bremnes) vart nummer 14 med 344 poeng.

Totalt fem skyttarar skaut 350 poeng på 100 meter, nemleg Malvin Ågotnes (Sartor), Erling Haugland (Fana), Hannah Johansen (Time), Harald Englund (Søgne), og Lars Gjøran Økland (Ølen).

Artikkelen held fram under annonsen.

Skyttartalent: Line Rødland er eit stort skyttartalent. Under trippelstemnet i fjor, som dette arkivbiletet er henta frå, skaut då 16-år gamle Rødland 349 poeng og vann juniorklassa. I år tangerte ho altså banerekorden til Bremnes Skytterlag som førsteårssenior med same poengsum i klasse 3-5 på bane. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv