Moster var ei stund med i kampen om opprykk, men må no innsjå at det går mot ein ny sesong i sjettedivisjon
Moster var ei stund med i kampen om opprykk, men må no innsjå at det går mot ein ny sesong i sjettedivisjon Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Nytt bortetap for Moster

Moster gjekk onsdag på sitt femte strake bortetap i sjettedivisjon.

Grøntrøyene møtte eitt av laga som jaktar opprykk til neste års femtedivisjon, nemleg Kolnes.

Målrik kamp

Det vart ei målrik affære som heimelaget til slutt vann 6–2. Heimelaget leia alt etter 2 minutt, men Moster utlikna like etter ved Hans Petter Grindheim. Det stod 3-2 til pause. David Furu skårte det andre målet til Moster. Av kamprapporten ser ut til at Moster heldt følgje til det var spelt om lag ein time. Då skårte Ole Jonny Gregersen Bua sitt tredje mål for dagen. Han la også på til 5-2, medan Andreas Øverland Fredagsvik sette inn dagens siste skåring på overtid og fastsette sluttresultatet til 6-2.

Det gjer sitt til at Kolnes held følgje med Torvastad og Trott 2 i toppen av tabellen, medan Moster i augneblinken ligg på femteplass, men med ein eller to kampar meir spelt enn fleire av laga rundt dei på tabellen.

No har Moster nesten ein månad pause fram til heimekampen mot Falkeid i midten av oktober. Deretter avsluttar laget sesongen med kampar mot to Stord-lag, først med bortekamp mot Trott 2 og til slutt heimekamp mot Leirvik BK.

Det ligg an til ein ny sesong i sjettedivisjon for Moster neste år. Spørsmålet no er kva plassering det blir til slutt, og sjølvsagt er det litt prestisje som står på spel når stordabuar står på motsett banehalvdel.

Moster sitt lag mot Kolnes: Johannes Innvær, Espen Sortland, Martin Bertheussen Steinsbø, Mathias Lidal Pedersen, Ola Gjerde, Ole Løkke Pedersen, Thomas Stokka, Ola Martin Torkelsen, Robert Katla Rolfsnes, Ruben Pedersen, Ådne Meling, David Furu, Andreas Hauge, Hans Petter Hilt Grindheim, Martin Stokka, Per K. Skimmeland.

havard@bomlo-nytt.no