Får speletid i førstedivisjon: Ole Kallevåg gjer det bra i Åsane om dagen. På onsdag starta han sin aller første kamp i 1. divisjon, og det gav meirsmak. Foto: Åsane IL

Ole Kallevåg (20) starta sin aller første 1. divisjonskamp

Ole Kallevåg er i ferd med å etablere seg på det gode Åsane-laget. På onsdag starta han for aller første gong ein 1.-divisjonskamp, og så langt i år har Bremnes-guten fått speletid i hele sju seriekampar.

— Eg er nøgd både med det og at eg no har fått sjansen til å starte ein seriekamp. Eg håper eg kjem til å figurere fleire gongar i startoppstillinga framover. Det er heilt klart eit mål å få starte fleire 1.-divisjonskampar i år før sesongen er omme. Samstundes er eg innforstått med at det er mange som ønskjer det, og at det er tøff kamp om plassane på laget. Eg er ikkje den einaste som står på og jobbar hardt, seier Kallevåg til Bømlo-nytt.

Nyttig erfaring på lån

Fetteren til langt meir kjente Torbjørn Kallevåg fylte 20 år i juni. Stortalentet har hatt ei bratt og fin utviklingskurve etter at han melde overgang frå Stord til Åsane. Førsteårssenioren var på utlån til Nest Sotra det meste av førre sesong. Det vart likevel 1. divisjonsdebut og ein kamp på nivå to. Utlånet vart ein realitet fordi Åsane-leiinga meinte det ville vera best for ungguten si utvikling. Det skulle vise seg at det var det, ettersom han fekk spelt kampar.

Har tatt stega

Ole Kallevåg merka fort at det var skilnad frå å spele i 2. divisjon, på nivå fire, i Stord. Tempoet, fysikken, fotballforståinga, duellstyrken og mykje anna vart merkbart annleis då han bytta klubbdrakt. Åsane-trenarane såg at han hadde evna til å tilpasse seg eit høgare tempo og betre med- og motspelarar. Det er ein kvalitet som er viktig for alle som har lyst til å ta steget oppover i divisjonssystemet. Det har teknikaren som starta karrieren i Bremnes gjort.

– Eg har gjennom hele vinteren og våren jobba hardt på trening. Det med tanke på å bli ein betre fotballspelar. Eg føler at eg har lukkast ettersom eg har tatt steg på dei fleste områda og er ein mykje betre fotballspelar no enn eg var for eitt år sidan. Både offensivt og spesielt defensivt har eg heva meg mykje, seier Ole, som stadig vekk får gode tilbakemeldingar frå trenarane. Han forklarer framgangen med ein god treningskvardag, og at han også trener på eiga hand.

Venter på første scoring

– Eg er takksam for at eg har fått denne sjansen. Eg har som dei fleste andre fotballspelarar lyst til å sjå kor god det er mogeleg å bli. Nett no handlar det om å gjere det så bra at eg får spele fast for Åsane. Det er bonus at eg har fått så mange kampar som eg har gjort. Samstundes er eg bevisst på at eg må jobba minst like hardt i framhaldet for å ta nye steg, seier Kallevåg.

Den første scoringa i 1. divisjon lar framleis vente på seg. Ole stressar ikkje med at nettsusen har uteblitt. Det har som han seier ikkje så stor betydning kven som scorar så lenge laget vinn. Mørkluggen er ikkje tilfreds med at det berre har blitt ein siger på dei sju siste kampane på Åsane. Både han og dei andre på laget er innstilte på å jobbe hardt framover slik at dei snur den negative trenden. Det handlar mykje om å avgjere dei jamne kampane til sin fordel.

Vil gje klubben et løft

– Det er lite som skil dei som ligg på nedrykksplass og dei som er i posisjon til å få spele 1.-divisjonskvalifisering som Åsane gjorde i fjor. Med et par sigrar så vil me gjera eit byks på tabellen, seier Kallevåg som ser fram til at dei kan ta i bruk Åsane Arena og det flotte stadionanlegget som snart står klart til bruk i bydelen. Han er overtydd om at det vil gje både klubben og byen eit løft, ettersom dei vil få helt andre fasilitetar enn det Åsane som klubb og bydel har i dag.