Torbjørn Kallevåg er tilbake på fotballbanen etter et skadeavbrekk. Han er i dialog med FK Haugesund og kan bli eliteseriespelar i løpet av hausten.
Torbjørn Kallevåg er tilbake på fotballbanen etter et skadeavbrekk. Han er i dialog med FK Haugesund og kan bli eliteseriespelar i løpet av hausten.

På tur til FK Haugesund

ULSTEINVIK: – Eg kan stadfesta at eg har hatt samtalar med FK Haugesund og at eg er aktuell for dei frå nyttår av, seier Torbjørn Kallevåg som kan få oppfylt draumen sin om eliteseriespel neste år.

FK Haugesund som har hatt fleire bømlinger i stallen, kan nemleg bli neste stoppestad for den tidlegare Bremnes-spelaren som no er tilbake i kampmodus etter ein kneskade som har halde han på sidelinja i nokre veker. Torbjørn frykta det verste då han måtte forlate banen etter ein smell tidlegare i sommar. Han var mentalt førebudd på at det kunne vere ein korsbåndskade. I så fall hadde nok den framgangsrike midtbanespelaren vore ute av spel i minst eitt års tid. I verste fall kunne karrieren også ha vore over for den sympatiske bømlingen.

– Eg spelte helgas kamp mot Bryne og er glad for at opptreninga har gått så bra som den har gjort. Det meste har eigentleg gått på skjener etter operasjonen. No handlar det om å komme tilbake i den kampforma eg var før eg vart skadd. På vårparten og forsommaren fungerte det veldig bra, sa Kallevåg. Han toppa ein god vårsesong med å bli utropt til banens beste då Hødd heldt på å slå sjølvaste Molde Fotballklubb ut av cupen. MFK-trenar Ole Gunnar Solskjær var etter kampslutt tydeleg på at han såg ein framtidig storspelar i Torbjørn.

Vil ikkje forlengje

– Det var kjekt å få skryt av Ole Gunnar Solskjær. Men eg har ikkje høyrt noko verken frå han eller MFK i ettertid. Men det har vore bevegelse i andre retningar. Det har lege i korta ei god stund at eg neppe kom til å forlengje kontrakten min med Hødd som går ut om nokre månader. Spesielt ikkje ettersom opprykkstoget for lengst har gått for Hødd. No handlar det om å berge plassen ettersom me har sett oss sjølv i ein vanskeleg situasjon ettersom me er på nedre halvdel. Eg håper å bidra til at Hødd tar nok poeng til å stå i divisjonen.

– Kor stor er muligheten for at me får sjå deg på det høgste nivået neste år?

– Det er ingen løyndom at eg har hatt samtaler med FK Haugesund og er open for å returnere til heimlege trakter. Men eg vil presisere at eg verken har fått noko kontraktsforslag eller har sagt at eg er klar. Me har starta ein dialog som forhåpentlegvis vil munne ut i at eg blir ein del av deira satsing etter kvart. Eg må innrømme at det freistar dersom brikkene fell på plass. Det hadde vore kjekt å spela saman med Eirik Mæland som eg har sett opp til, sa Kallevåg.

Vender heim

Han ser ikkje for seg at det kan vere aktuelt å forlate Høddvoll og Ulsteinvik før kontrakten går ut. Hødd er neppe lysten på å sleppe sin toppscorar og viktigaste spelar så lenge dei framleis kan rykkje ned i 3. divisjon. Det har vore ein tung sesong for den sigrande cupfinalisten i 2012.

Torbjørn innrømmer at det har vore meir optimistiske fotballtonar på søre Sunnmøre enn den som er tilfelle no. Men han er overbevist om at Hødd på et eller anna tidspunkt vil komme tilbake ettersom dei har solid økonomi og flotte anlegg,

– Det er sterk fotballkultur og stolte tradisjonar her. Dei vert ikkje viska ut sjølv om det buttar akkurat no. Eg føler meg overbevist om at Hødd på eit eller anna tidspunkt vil vere tilbake på nivå to. Men den oppgåva vil bli vanskelegare dersom det blir et nytt nedrykk i haust, sa Kallevåg som vil bli meir å sjå på Bømlo dersom han hamnar inn under FK Haugesund sine vengjer framover.

Av Svein Halvor Moe