Rubbestadnes 2020: Her er årets utgåve av Rubbestadnes. Bak frå venstre ser me: Vegard Røsland, Christian Urheim Innvær, Sigurd Bråthen, Jørgen Teige, Steffen Fylkesnes, Mads Ellingsen, Lars Sortland, Johannes Voll, Christoffer Habbestad og Torbjørn Grønås. Framme frå venstre: Simon Kvernenes, Erlend Stokka Hestness, Øystein Grastveit, Erlend Morlandstø, Guttorm Kallevåg og John Sætre. Foto: Håvard Hammarstrøm

Rubbestadnes køyrde over Fitjar

Rubbestadnes spelte tysdag sin første treningskamp under leiing av spelande trenar Guttorm Kallevåg. Det vart ein overtydande siger på heimebane mot Fitjar.

Fitjar spelte i fjor i femtedivisjon avdeling to i Hordaland, og enda på tiandeplass. Også i år speler laget i femtedivisjon i Hordland. Rubbestadnes speler i femtedivisjon i Rogaland, og kom i fjor på niandeplass i si avdeling. Ein skulle tru at det ville bli ein jamn kamp mellom dei to laga på stadion i Rubbestadneset tysdag, men det vart det ikkje.

Strålande opning på kampen

Vêrmessig såg det ut til å kunne bli ein utfordrande kveld for spelarane, men haglbya under oppvarminga gav seg heldigvis til kampstart. Fitjar opna kampen friskt, og hadde første skotet på mål, men det gjekk langt over. Heimelaget svarte, og sikra seg hjørnespark. Fitjar fekk klarert i første omgang, men på 25 meter stod John Sætre og klistra ballen opp i krysset. Ei vakker skåring.

Etter målet prøvde Fitjar å komme tilbake, og spelarane var litt meir med på notane. Bortelaget kom likevel til få sjansar, noko som både skuldast dårleg presisjon på pasningane på siste tredjedel og godt forsvarsspel frå Rubbestadnes. Fitjar kunne skapt noko på eit frispark, men det vart blåst langt over mål.

Rubbestadnes vann over Fitjar: Rubbestadnes hadde ingen problem med å slå Fitjar i første treningskamp for året. Foto: Håvard Hammarstrøm

Rubbestadnes var på sin side hypereffektivt i første omgang. Christian Innvær la inn frå høgre flanke til Erlend Nino Morlandstø, som i møte med Fitjar-målvakta kunne pirke inn 2—0 på andre forsøk. Så skulle det gå berre fire minutt før Øystein Grasdal sette inn sitt første for dagen til 3—0. Det var fjerde avslutninga på mål for blåtrøyene.

Bortelaget fekk ein stor sjanse like før pause, etter ein sjeldan glipp i Rubb-forsvaret, men skotet var ufarleg.

Halvklarering: Fitjar får her rydda unna på hjørnesparket, men i neste trekk blir ballen banka opp i krysset av John Sætre. Foto: Håvard Hammarstrøm

Kunne ha pynta på resultatet

Etter sidebyte fekk dei om lag 20 på tribunen sjå eit Fitjar som prøvde å få til eige pasningsspel, men utan å lukkast, og då heimelaget gjekk opp til 4—0 etter 51 minutt ved Guttorm Kallevåg var kampen avgjort. Då gjekk lufta ut av ballongen for bortelaget. Fitjar hadde ikkje så mange å velje blant på innbytarbenken, og utover i kampen var det ikkje fritt for at spelarane vart slitne.

Samstundes heldt Rubbestadnes fram med god angrepsfotball, og Grastveit heada inn 5—0 etter 63 minutt. Rubbestadnes letta trykket på gassen, og bortelaget kom til ein god sjanse like etter, men ballen vart redda på streken. RIL-målvakt Mads Katla Ellingsen hadde så langt hatt lite å gjere i kampen, men no var han i aksjon og gjorde fleire gode redningar.

I staden for Fitjar-redusering, auka Jørgen Teige like godt til 6—0 for heimelaget på eit fint langskot, før Grasveit gjorde ein god soloprestasjon. Med eit fint raid sikra han seg hat trick og fastsette sluttresultatet til 7—0.

Det var eit par i overkant tøffe taklingar i denne treningskampen, og sånn sett var det heldig at det ikkje vart skader som resultat av taklingane. Isposar vart henta fram. Dommaren delte ut gule kort til begge lag.

Rubbestadnes-trenaren: Trenar Guttorm Kallevåg gir sine instruksjonar til rubbspelarane i pausen. Sjølv spelte han andre omgang. Kallevåg seier seg godt nøgd med innsatsen til spelarane. Foto: Håvard Hammarstrøm

Nøgd Kallevåg

Trenar Guttorm Kallevåg er godt nøgd både med spel og resultat i treningskampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var veldig godt å komme i gang. Me er overraskande godt trente. Eg hadde ikkje trudd at me skulle vera så godt trente så tidleg. Me held bra. Me bommar litt på taktikken i første omgang, og kan sleppa inn, men slepp med skrekken seier Kallevåg. Sjølv om Fitjar ikkje kom til mange sjansar før kampen i realiteten var avgjort, meiner trenaren at det hadde vore mogeleg å halde motstandaren enda betre unna eige mål. Han roser også målvakt Mads Katla Ellingsen for gode redningar, og effektive angrepsspelarar.

— Men me har ikkje hatt ein einaste formasjonstrening så langt, og dette er første gongen me går ut i denne formasjonen, seier Kallevåg. Rubbestadnes spelte 3-5-2 mot Fitjar, og utteljinga var altså svært god. Kallevåg er naturleg nok nøgd med at laget skårar sju mål, men meiner han sjølv og laget kunne ha sett inn enda eit par-tre til.

— De er i rute?

— Ja, men testen blir i neste treningskamp mot Solid. Der får me betre svar på korleis me ligg an, seier han. Solid rykte ned frå fjerdedivisjon i fjor.

Kaffi og bollar: May-Kjersti Teige og Ingunn Kvernenes hadde ordna med heimebakte bollar og kaffi i kiosken. Foto: Håvard Hammarstrøm