Tom Erling Kårbø  leverte eit solid løp i Belgia, fredag kveld, men enda nok ein gong bak VM-kravet.
Tom Erling Kårbø leverte eit solid løp i Belgia, fredag kveld, men enda nok ein gong bak VM-kravet. Foto: Hasse Sjögren/Arkivfoto

Vann i Sandnes for Noreg

Tom Erling Kårbø vann 3.000 meter hinder i lag-EM i Sandnes i ettermiddag.

Løparen frå Langevåg som spring for Stord, hadde ein god dag i Sandnes under lag-EM i friidrett i ettermiddag. Han låg lenge rett bak teten på 3.000 hinder og sparte på kreftene, fram til han sette inn støtet og skaffa seg ei stor leiing.

Mot slutten av løpet vart det fall ved eit hinder, men han hadde då så stort forsprang på konkurrentane at sigeren aldri var i fare.