Stilte opp: Torunn, Daniel og Lars Halleraker har den siste tida vore med og sykla inn betydelege beløp til Barnekreftforeningen. Foto: Svein Halvor Moe

Var med og sykla inn 12 millionar kroner

Daniel, Torunn og Lars Halleraker har den siste tida sveitta og sykla for Barnekreftforeningen. Ekteparet og sonen har bidratt til at det i helga hadde komme inn over 12 millionar kroner.

Meir vil det bli ettersom det dagleg kjem inn både små og store beløp på Barnekreftforeningen sin konto. Daniel er imponert over gjevargleda både lokalt og nasjonalt. 25-åringen synest det er flott at han får sjansen til å bidra med pengar til ein organisasjon som kjem så mange til gode. Det er som han seier slik at dei aller fleste har eit forhold til kreft. Den lumske sjukdommen som kvart år påfører mange familiar smerte og liding.

– Mamma hadde brystkreft for nokre år sidan. Det førte til at foreldra mine engasjerte seg, seier Daniel, som kan hende var den yngste av de nærmare 300 som var i aksjon for dei forskjellige Rynkeby-teama. Dei starta på forskjellige stader i Norge og sykla på rad og rekkje inn i Trondheim sentrum. Team Haugalandet, som Halleråker-familien var ein del av, starta i Etne og var innom mange kommunar og fylke før de var framme i trønderhovedstaden.

Hadde ein flott tur

– Me har hatt ein flott tur, og har på turen til Trøndelag fått sett mykje fin natur, sa tre blad Halleraker, som hadde den mest spesielle inngangen til Trondheims-turen. Det kan du elles lese om i ei anna sak. Dei kom nemleg rett frå Nordkapp, og deira eige prosjekt som handla om å sykle frå nord til sør. Torunn, mannen og sonen rakk ikkje ein gong å dra heim for å vaske klede, før dei snudde og vart med Team Rynkeby Haugalandet nordover.

Bømlingane vart møtt på Haukeli av dei tre frå Sauda som var med på det same laget. Saudabuane sykla dit for å møte familien Halleraker, og heldt dei med selskap fram til dei var i Etne. Der vart det eit opphald før dei tok fatt på Trondheims-turen, som også vart av det spektakulære slaget. Mykje på grunn av at det ikkje handla om å finne den raskaste ruta denne gongen. Dei som hadde planlagt turen var opptatte av at syklistane også skulle få sjå mest mogeleg.

Spektakulær natur

Dei fekk sjå noko av det mest spektakulære som finst av norsk natur, ettersom reisefølgjet trakka seg over mange fjellovergangar og forserte eit monaleg tal tusen høgdemeter. Dei sykla gjennom daler, langs fjordar og innsjøar. Daniel Halleraker og foreldra lét seg imponere, sjølv om dei allereie hadde sett mykje på sin ferd frå Nordkapp til Lindesnes. Alle gav uttrykk for at dei sette pris på at de fekk sjansen til å bidra for Barnekreftforeningen.

Daniel og foreldra ofra både feriedagar og ein bra slump med pengar, ettersom dei som stiller for de forskjellige regionslaga til Team Rynkeby må betale alt av kostnader sjølv. Både sykkel, utstyr, reise og opphald må kvar enkelt dekke, ettersom dei som donerer pengar skal vere trygge på at alt dei gir kjem Barnekreftforeningen til gode. Det synest Halleraker-familien er eit godt prinsipp. Dei har i aller høgste grad fått sin dose med sykling de siste vekene.