Bli med på Bømlo-nytt sin julekalender 2021 — Sjå trailer her

I år har Bømlo-nytt sine julenissar gått seg vill på Bømlo 24 gonger. Klarar du å gisse kor dei har vore?

Kvar dag frå 1. desember til og med 24. desember besøkjer me ein ny stad. Klarer du å gissa kor me er, kan du vinna deg ein Bømlo-nytt-kopp og eit flaxlodd. Så her krevst det både dugleik og hell for å vinna!

Det vil også bli kåra ein vinnar i slutten av kvar veke, som får ein litt større premie.

Første luka kan de sjå på Bømlo-nytt.no, onsdag 1. desember.