Brannvesenet kom raskt til og fekk berga skøyta «Frigg»
Brannvesenet kom raskt til og fekk berga skøyta «Frigg» Foto: Håvard Hammarstrøm

Brannvernet berga «Frigg»

Skøyta «Frigg» tok inn vatn og var i ferd med å søkkja då brannvernet kom og berga skuta.

Skøyta låg til kai på Lyngneset i Mælandsvåg, tok inn vatn og byrja få slagside. Brannvernet vart varsla like før klokka 13 fredag ettermiddag og rykte ut med alt tilgjengeleg mannskap frå brannstasjonen på Svortland. Brannsjef Ove Halleraker sa til Bømlo-nytt på staden at det var frakta to pumper om bord. Det tok ikkje lang tid før «Frigg» var på rett kjøl att.