«Veritas Viking» er sikra arbeid i fem månader framover.
«Veritas Viking» er sikra arbeid i fem månader framover. Foto: Eidesvik Offshore

Ny kontrakt til «Veritas Viking»

Eidesvik Offshore melder tysdag morgon om ny kontrakt til seismikkskipet «Veritas Viking».

Det melder selskapet i ei børsmelding. Kontrakten er inngått mellom eit selskap i Eidesvik Offshore ASA-gruppen og eit dotterselskap av CGG. I børsmeldinga blir skipet omtalt som eit «kildeskip». Kontrakten er venta å starte opp i slutten av denne månaden og vare i fem månader. I kontrakten ligg det også inne opsjonar om forlenging. Det blir opplyst at kontrakten er inngått til gjeldande marknadsvilkår.

– Eidesvik Offshore har inngått samarbeid med Vestland Management for det kilderelaterte arbeidet i kontrakten. Med dette samarbeidet er eg sikker på at me vil levere tenester av beste kvalitet til kunden, uttaler administrerande direktør i Eidesvik Offshore, Jan Fredrik Meling.