Mindre mengder diesel rann ut i sjøen då ei eldre treskøyte sokk ved naustet på Alvsvåg, truleg i helga.
Mindre mengder diesel rann ut i sjøen då ei eldre treskøyte sokk ved naustet på Alvsvåg, truleg i helga. Foto: Randi Olsen

Skøyte sokk ved kai

Mindre mengder diesel rann ut i sjøen då ei eldre treskøyte sokk ved naustet på Alvsvåg.

Ei mindre mengde diesel rann ut i sjøen då ei eldre treskøyte sokk ved naustet. Uhellet har truleg skjedd i løpet av helga.

- Me veit ikkje årsaka, men det er slikt som skjer med eldre trebåtar frå tid til anna, sa vakthavande i Bømlo brannvern, Odd Ivar VIk. Han var på Alvsvåg søndag ettermiddag for å sjå til at dieselen som var runnen ut, oppførte seg.

- Det er ingen dramatikk i dette her, Tilhøva har vore gunstige slik at dieselen ikkje vart liggjande i ro inne i vika her. Dieselen kjem til å dunsta vekk. Akkurat no sig det litle flaket ut vågen, og me har fått melding om at det ligg like utanfor Longøyno, sa Vik. Det lukta godt av dieselen då Bømlo-nytt var på kaikanten søndag ettermiddag.

Ingen personar vart skadde då skøyta sokk.