Bømlo-nytt vart etablert i 1973 som lokalavis for Bømlo kommune i Vestland fylke, og følgjeleg feira me 50-årsjubileum i 2023. Dette sette ein del preg på året for avisa, naturleg nok.

Sjølve fødselsdagen for avisa var 30. august 2023. Det var ein onsdag, så me måtte venta til laurdag 2. september med den store feiringa.

Me tjuvstarta rett nok nokre helger i forkant, då me arrangerte ein seglas - ein lesartur - rundt delar av den lokale kyststripa, om bord på eit veteranskip heimehøyrande i kystkommunen vår.

Fullt skip, med 80 deltakarar på turen. Me var seks timar på sjøen og fekk sjå vakker natur frå sjøsida på Bømlo.

PÅ JOBB: Journalist Hege Sønstabø Alvsvåg på jobb, der ho intervjua Endre Dingsør, ein av deltakarane på vår lesartur med «Gå På», 19. august 2023. Foto: NILS-TORE SELE

Så, laurdag 2. september, var det tid for eit stort arrangement i kommunesenteret vårt. Avisa hadde kakefest og konsert med den kjende songaren Heine Totland som kjem frå Bømlo. Her møtte mange hundre publikummarar fram under den fleire timar lange tilstellinga på torget på Svortland.

Om kvelden denne septemberdagen, hadde avisa ein fest for eigarar, styre, tilsette og andre spesielt inviterte på Gamleposten restaurant på Espevær, for skikkeleg å feira dei første 50 åra!

HUMØRET PÅ TOPP: Heine Totland (midten) og hans medmusikantar hadde underhaldninga under bursdagsfesten til Bømlo-nytt 2.september i 2023. Fleire hundre menneske fekk med seg arrangementet denne laurdagen. Foto: NILS-TORE SELE
LYSTENNING FOR FRED: Onsdag den 29. november var det fredsmarkering og lystenning for fred i Bremnes kyrkje. 2023 var som me veit eit år med utfordringar både nasjonalt og internasjonalt. Foto: PER HARALD GJERDE

Brikker fall på plass

Utanom vårt jubileum, så heldt 2023 fram med å gi oss utfordringar med tanke på å fylla redaksjonen med tilsette. Me opplevde at ein journalist slutta i prøvetida, og me måtte på marknaden med å rekruttera to journalistar i løpet av året. I juli 2023 starta Pål Solli Paulsen i jobb som journalist i redaksjonen vår. I løpet av hausten fekk me på plass den siste stillinga, då Kjerstin Mæland takka ja til jobb. Ho vil starta i februar 2024.

Nils-Tore Sele fekk i løpet av våren 2023 stillinga som ansvarleg redaktør for lokalavisa, etter å ha vore i stillinga lenge som konstituert redaktør. Dermed fall mange brikker etter kvart på plass, men kvardagen var store delar av fjoråret prega av knallhard jobbing, mykje overtid og innkjøp av redaksjonelle ekstraressursar for å halda skuta flytande.

Viktig rolle i lokalsamfunnet

Trass utfordringar har me vist at lokalavisa har ei viktig rolle som informasjonskanal i lokalsamfunnet også dette året. Framover er målet vårt å styrkja avisa i rolla som ein viktig og føretrekt nyhende- og informasjonskanal for lokalsamfunnet. Det vil bli gjort lettare ved at me i 2024 blir full redaksjon med fire journalistar og redaktør, noko som ikkje har vore tilfelle på mange år.

Redaksjonelt tilsette er Hege Sønstabø Alvsvåg, Per Harald Gjerde, Pål Solli Paulsen og etter kvart Kjerstin Mæland som journalistar. Kristine Sele var innom som redaksjonell ekstrahjelp/journalist til og med september i 2023. Nils-Tore Sele er ansvarleg redaktør. Frida Austestad jobbar innan annonse/grafisk og Hege Jacobsen Valde var tilsett som leiar innan marknad.

Me hadde i tillegg med oss Lars Østensen som frilansar på sport. Me brukte også frilansar Svein Halvor Moe ein del på friidrett og skyting. Det har også blitt kjøpt statistikksaker av Yngve Johnsen, men dette var ein minkande trend hos oss i fjor.

Bømlo-nytt er altså lokalavis for Bømlo kommune i Vestland fylke. Det første nummeret kom ut 30. august i 1973. Bømlo-nytt skal vera lim og lupe, vera identitetsskapande og spela på lag med lokalsamfunnet når det er på sin plass. Samstundes skal me setja politiske vedtak under lupa og vera kritiske når det trengst. Bømlo-nytt held til i 2. etasje i «Gamlebanken» midt i Svortland sentrum.

Fakta om Bømlo-nytt

Samla opplag: 3.981 (1. halvår 2023, tal frå MBL). Utgjevarstad: Bømlo.

Daglege lesarar totalt: 6.578

  • Daglege lesarar på nett: 3.657

  • Daglege lesarar på mobil: 3.047

  • Papirutgåve: Onsdag og laurdag

  • Redaksjonelle årsverk: Fem (ved fullt mannskap)

  • Tal på sider produsert: 2.888

  • Fordeling redaksjonelt stoff/annonser: 75/25

  • Tal på leiarartiklar: 69

  • Tal på kommentarar:

  • Tal på lesarinnlegg på nett: 190

  • Tal på refuserte lesarinnlegg: Fem

  • Tal på gjestekommentarar: 24

  • Tal på kronikkar:

Bømlo-nytt hadde i 2023 først og framst som mål å halda seg flytande i og med at bemanningssituasjonen framleis ein lang periode av året var utfordrande. Trass at utfordringane heldt fram frå 2022 og inn i 2023, klarte me likevel å halda trykket oppe på nett og i papiravis. Me prøvde etter beste emne å spegla lokalsamfunnet, på godt og vondt.

Eit mål som er forankra, er å vera ein positiv bidragsytar til bømlasamfunnet, men gå kritisk til verks når og der det er naudsynt. Me føler at me greidde dette ganske godt, men ser at me skulle gjerne ha vore endå meir på ballen. Det hadde vore lettare om me hadde hatt full kapasitet med oss i jobben.

Elles ser me at me trass desse utfordringane oppnådde vekst i opplag og digital framgang, og dermed innfridde dei måla som me hadde sett oss på førehand. Me er stolt av at me har fått gjort ein god jobb. Mindre kapasitet i redaksjonen også i fjoråret, gjorde at me måtte seia frå oss redaksjonelle oppgåver som produksjon av Sommaravis og Julemagasin. Det vart også i 2023 utført av innhaldsprodusentar tilknytt marknadsavdelinga.

I løpet av 2023 «sette» redaksjonen seg. Me har fleire nye journalistar i stallen. Det gjer at me har nye, friske innhaldsvinklingar, samstundes med at me vidarefører det som fungerte frå tidlegare i Bømlo-nytt. I 2023 hadde me både Grøn avis og Ung avis.

STYRTE SHOWET: Arne Torget underheldt med morosame dikt og var konferansier under nyttårskonserten til Bømlo janitsjar i kulturhuset i januar 2023. Foto: NILS-TORE SELE

Samfunnsrolla til avisa

I vinter fekk me kjenna på kva rolle lokalavisa har i samfunnet. Ei utfordrande kriminalsak rysta samfunnet, og rykta gjekk. Vår rolle her var å komma med viktig og korrekt informasjon, som gjorde at rykta kunne stilna. Barn var involvert, frå ulike familiar. Denne saka, og dei artiklane me skreiv om denne tidleg på året, viste seg å vera mellom våre mest leste i 2023.

Me har også vigd stor merksemd til saka knytt rundt Tamar og Harout Jakarian. Dette er menneske i 50-åra, som kom til Noreg og Bømlo som flyktningar for fleire år sidan. Her etablerte dei seg med son og dotter, som no er vaksne og midt i 20-åra. Foreldreparet har fått melding frå UDI om å forlata landet, medan barna kan bli. Dette var, og er, artiklar som har skapt stort engasjement og lesarinteresse sidan, også inn i 2024.

Etter kvart som bemanningssituasjonen har betra seg frå juli av, har me i redaksjonen hatt mykje fokus på balansert innhald der me følgjer opp dei viktigaste sakene.

Me opererer i ein kommune med eit ekspansivt næringsliv, og prioriterer å følgja dette tett. Det medfører også fokus på negative saker, som når mangeårig samarbeid og venskap innan næringslivet tek brått slutt, som i rettsaka i fjor haust med Bernt Hellesøe og Unitech på eine sida og Jakob Særsten og lokale LOS-gruppen på den andre sida.

BADEVENINNENE: Astrid (87) og Hilda (91) gleda seg i 2023 til å vere med og feire femårs-jubileum for symjehallen. Dei to har brukt symjehallen sidan oppstarten. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Dette er våre mest leste saker i 2023:

1. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/15b2be/foelg-valutviklinga-paa-boemlo-i-kveld-kven-blir-valvinnarane

2. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/mQeK5E/stor-leiteaksjon-paa-boemlo

3. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/dwjJJj/leiteaksjonen-er-avslutta

4. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/bgl8ol/bil-koeyrde-av-vegen-i-bremnesvegen

5. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/KnGEjE/saka-veks-i-omfang

6. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/8JRqAW/erkjenner-ikkje-straffeskuld-fortel-forsvarar

7. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/JQMxOX/tamar-og-harout-jakarian-har-no-soekt-tilflukt-i-kyrkja

8. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/zE1vlK/rekk-opp-handa-den-som-ynskjer-aa-bli-varaordfoerar

9. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/veVvMp/mot-alle-odds

10. https://www.bomlo-nytt.no/nyhende/i/zE6aaw/forlenga-varetektsfengsling-og-utvida-sikting

STERK HISTORIE: I fjor hadde me ein reportasjeserie der me fekk intervjua fleire bømlingar som har kjempa mot kreft.
RØRANDE: Den sterkaste historia var nok den med familiefaren Espen Vestvik, i byrjinga av 30-åra, dødssjuk av kreft, og som hadde som mål å leva til eitt-årsdagen til sonen sin. Det greidde han også, men døydde få veker seinare. Me er stolte over å ha fått fortelja historia hans, og at me fekk lov til å vitja den unge familien, og ikkje minst oppleva kor opne dei var med oss.

Journalistfagleg utvikling

Her har bemanningssituasjonen ført til at me ikkje har hatt sjanse til særleg fagleg utvikling med tanke på kurs utanom huset i 2023, men me har delteke når me har kunna innan konsernet via Teams med vidare. Kursing av dei redaksjonelt tilsette står høgt på lista framover.

Etikk

Me har ikkje blitt melde til PFU i løpet av 2023, men me har hatt det eg vil kalla for utfordrande dialog med fleire kjelder andsynes ein del lesarbrev som har stått på trykk.

Ein del lesarbrev har ikkje komme på trykk gjennom sitt innhald, og det har vore ein del diskusjonar knytt opp mot dette, som også har ført til at lesarbrev har blitt publisert, då vedkommande skribentar har forstått at innhaldet måtte endrast noko. Stort sett har dette vore ein fin dialog mellom oss som avis og engasjerte lesarar.

Gjennom året har me diskutert etikk fleire gonger i redaksjonen. Mellom anna førte dette til at me i fjor haust starta ein artikkelserie om tvil og tru, som er tufta på at til sommaren 2024, er Moster på Bømlo åstad for det nasjonale 1000-årsjubileet for Kristenretten. I serien er me nysgjerrige på å finna ut meir om kva bømlingar trur på i dag, 1000 år seinare. Det kjem ca ein artikkel i månaden fram til månadsskiftet mai/juni, då jubileet går føre seg.

Me har også hatt utfordrande kriminalsaker, mellom anna knytt til mistanke om misbruk av fleire barn, som gjer at me har hatt fleire diskusjonar på korleis me skal leggja nyhendedekkinga vår i somme situasjonar.

Det er ikkje alt me kan seia oss nøgde med i samband med 2023. Eg har allereie vore inne på det, men det er som det var i 2022: Det me har kjent mest på, er kjensla av å ikkje strekkja til, i og med at bemanningssituasjonen har vore slik den har vore.

Me har ikkje kunna prioritera den digitale satsinga 100 prosent slik me eigentleg vil, og fullt fokus på utvikling og strategiar har det rett og slett heller ikkje vore tid til, grunna få tilsette. Me har hatt meir enn nok med å halda den daglege flyten i gang.

Kjelder

Dei me har snakka mest med som kjelder dette året, er nok ordførar og kommunedirektør, i tillegg til Bømlo Næringsråd, fleire bedriftsleiarar og ein del politikarar. Gledeleg nok har me også opplevd veksande tipsmengd frå lesarane våre.

2023 var eit valår, og me prioriterte ei brei dekking av valstoffet dei siste seks vekene før valdagen, men også frå nominasjonsprosessen og fram til sommarferien. I Bømlo-nytt er det lang og god tradisjon for å arrangera valmøte, så også i 2023. Ein fullsett sal i Bømlo kulturhus fekk lytta til listetoppane frå alle parti på Bømlo.

Me gav valstoffet god plass og prioritet, og det viste også att i fine trafikktal på nett rundt valdagen. Fleire av dagane i september, vart det sett nye trafikkrekordar for Bømlo-nytt, knytt opp til valdekkinga.

Men me har også sett innsatsen inn på å fortelja historiene til den vanlege bømling. Me ser interessa for slikt stoff. Folk vil lesa om andre bømlingar og kva dei driv på med. Det ser me igjen og igjen. Den gode historia om det interessante mennesket er noko som fengjer.

Det å gi vanlege bømlingar eit talerøyr, er viktig. Me ser engasjementet det skaper ved å gi sakene eit andlet, så å seia. Etter kvart som me vart fleire tilsette i redaksjonen, klarte me i større grad å vera ute i bygdene og møta folka som kan gi sakene eit andlet. Å komma seg ut, møta folk der dei er, er alfa og omega.

MODIG: 18 år gamle Marianne Steinsvåg Tollaksvik tok bladet frå munnen og kunne i fjor vår fortelja om aukande kokainbruk på ungdomsfestar på Bømlo. Det blei toppsak hos oss.
VIKTIG: Inne i avisa spanderte me to sider på oppslaget med modige Marianne Steinsvåg Tollaksvik.

Svar på spørsmål frå Polaris-stiftinga

1. Redaktørens ansvar og plikter er fundamentet for pressens rolle i samfunnet. Redaktøransvaret er også lovfestet. Hva mener du er dine viktigste oppgaver som redaktør? Nevn kort tre punkter.

– Å kjempa for, og å verna om både prentefridom og ytringsfridom, er noko eg set høgt. Pressa si rolle som uavhengig vaktbikkje i samfunnet må heller ikkje gløymast, og heller ikkje ansvaret pressa har for å få fram saker som er både negative og positive i samfunnet. Me skal både vera «hylekor» og «heiagjeng» i vårt arbeid, alt etter kva sakene måtte handla om.

2. De redaktørstyrte mediene er avhengig av tillit og troverdighet, og de må derfor verne om sin uavhengighet og integritet. Samtidig er de fleste journalister og redaktører samfunnsengasjerte mennesker. Hvilken policy har dere for medarbeideres engasjement på sosiale medier? Er det fritt frem for å uttrykke egne synspunkter og meninger om aktuelle og kontroversielle spørsmål?

– Her blir det praktisert stor grad av tillit til at vedkommande medarbeidar er seg medviten på eiga framferd og ytringar på sosiale medier. Det er også blitt poengtert kva ansvar me alle har som tilsette i mediebransjen for å unngå rolleblanding. Det har enno ikkje oppstått grunn til at avisleiinga skulle leggja seg opp i noko som ein tilsett har skrive eller vidareformidla der. Fridom under ytringsansvar, er malen her.

3. Stadig mer stoff – både tekst og bilder – skapes av, eller har sitt opphav i, kunstig intelligens (KI). Hvordan påvirkes grunnleggende journalistiske prinsipper som kildekritikk, faktakontroll og åpenhet av KI? Hvordan kan vi sikre oss mot skjulte agendaer, unøyaktigheter og løgn generert av KI?

– Her er eg på linje med leiinga i redaktørforeininga som peikar på at redaksjonane bør ha tydelege rammer for både arbeidsprosess, publisering og merking av innhald som er produsert av, eller ved hjelp av KI. Redaktørforeinga understrekar at ved bruk av KI redaksjonelt, bør slike publiseringsavgjerder takast av menneske. Det meiner eg også. Det er trass alt redaktøren som har fullt personleg ansvar, juridisk og etisk, for alt som vert publisert.

Er dette på plass, er mykje gjort. Eg meiner at ein må vera varsam med omsyn til innføring av heilautomatiske KI-tenester. Det må vurderast svært nøye før dei blir innført. Lesarane våre/publikum skal ikkje vera i tvil om kva som er KI-generert og kva stoff som er redaksjonelt og tradisjonelt utarbeidd.